Kommandørøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommandørøyane
øygruppe
Kart som viser plasseringa til Kommandørøyane aust for Kamtsjatka. Den større øya i vest er Beringøya og den mindre øyar er Mednyj.
Land  Russland
Areal 1 846 km²
Folketal 671 (2021)
Kart
Kommandørøyane
55°0′ N 166°24′ E
Wikimedia Commons: Komandorski Islands

Koordinatar: 55°N 167°E Kommandørøyane (russisk Командо́рские острова́, Komandorskije ostrova) er ei gruppe trelause øyar i Russland som ligg 175 km aust for Kamtsjatkahalvøya i Beringhavet. Øyane består av Beringøya (95 km lang, 15 km brei), Mednyj (55 km lang, 5 km brei), og femten mindre øyar, der den største av desse er Kamen Toporkov (0,15 km²) og Arij, som ligg 3 og 13 km vest for den einaste busetnaden, Nikolskoje. Administrativt høyrer øyane til Aleutskij distrikt i Kamtsjatka kraj.

Satellittbilete av øyane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommandørøyane er den vestlegaste delen av Aleutane, men dei ligg fleire hundre kilometer frå resten av øygruppa. Terrenget er forholdsvis variert med foldefjell, vulkanplatå, terrasseforma sletter og låge fjell. Øyane har oppstått som følgje av vulkanar langs kanten av Stillehavsplata og Den nord-amerikanske plata, men er utdøydde for lenge sidan. det høgaste punktet er Steller på Beringøya med ei høgd på 755 meter over havet. Det høgaste punktet på Mednyj er Stenjegertoppen på 647 meter over havet.

Klimaet er relativt mildt og maritimt med ein del nedbør (220-240 nedbørsdagar i året). Somrane er kjølige og kjend for mykje tåke.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Den einaste permanente busetnaden på øyane er landsbyen Nikolskoje nordvest på Beringøya. Han hadde i 2005 om lag 750 innbyggjarar. Folkesetnaden består nesten berre av russarar og aleutarar.[1] Det meste av øyane og det omliggande havet (36 486.79 km²) er ein del av Komandorskij Zapovednik, eit naturreservat. Hovudnæringa til innbyggjarane er hovudsakleg fiske, innsamling av sopp, styring av zapovedniken, økoturisme og statstenester.

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Øyane ligg i det produktive Beringhavet og langt frå menneske. Kommandørøyane har derfor eit rikt marint dyreliv og relativt få landlege organismar.[2] Mellom anna finn ein store mengder pelssel (om lag 200 000 individ) og stellersjøløver (om lag 5000 individ). I tillegg finn ein mykje havoter, steinkobbe og largasel. Havoterbestanden er stabil og kanskje til og med aukande, sjølv om han er minkande i resten av Aleutane.[3]

Farvatnet rundt øyane er eit viktig beite- og overvintringsområde for mange kvalartar, fleire av dei truga. Av desse finn ein spermasettkval, spekkhoggar, fleire artar nebbkval og niser, knølkval og grønlandskval.[2]

På land er dyrelivet langt mindre variert, men ein finn to endemiske underartar av fjellrev (Alopex lagopus semenovi og A. l. beringensis). Sjølv om bestandane av desse er forholdsvis stabile no, har dei vorte kraftig redusert i tidlegare år på grunn av jakt etter pelsen deira. Av andre dyr på land finn ein villrein, amerikansk mink og rotter, som alle er innført på øya av menneske.[2]

Detalj frå eit tidleg kart over austlege område av Kamtsjakta, inkludert Kommandørøyane, med teikningar av Stellers sjøku, pelssel og stellersjøløve, teikna av S. Khitrov frå Bering sin ekspedisjon.

Over ein million sjøfugl hekkar i store koloniar i nesten alle kystklippene på øyane. Dei mest vanlege er havhest, lomvi, polarlomvi, dueteist, hornlunde, topplunde, skarv, måse og krykkje, sam den særs lokale raudkrykkje, som berre hekkar i eit par andre koloniar rundt om i verda. Ved innsjøar og elvar på Beringøya finn ein òg sjøfugl og snipe, men desse finn ein nesten ikkje i det heile på Mednyj. Av trekkfuglar som hekkar eller stoppar på øya finn ein stellerand, sibirlo og beringterne. Av rovfugl finn ein stellerhavørn og jaktfalk. Total er det registrert over 180 fugleartar på Kommandørøyane.[4]

Av fiske i fjellbekkane finn ein hovudsakleg laksefisk, som arktisk røye, Dolly Varden-røye, aure (Salmo purpuratus), stillehavslaks, sockeye-laks, sølvlaks og pukkellaks.

Beringøya var den einaste kjende habitaten til Stellers sjøku, ei enorm (over 4 tonn stor) sjøku som liknar manatar. Sjøkua vart jakta på og døydde ut berre 40 år etter ho vart oppdaga i 1741.[5] Brilleskarv, ein stor skarvart som i praksis ikkje kan fly, døydde òg ut på grunn av jakt rundt 1850.[6]

Det finst ingen skog på Kommandørøyane. Vegetasjonen er dominert av lav, mose og forskjellige myrplanter med lågt gras og nokre dvergtre. Høge skjermplanter er òg vanleg. Det er ingen amfibiar eller reptilar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sovjetisk frimerke til minne om oppdaginga av Kommandørøyane.

Kommandørøyane har fått namn etter Kommandør Vitus Bering, som døydde der i 1741 etter at skipet hans «St. Peter» forliste ved Beringøya då han skulle reise heim att etter den andre Kamtsjatkaekspedisjonen frå Alaska. Bering omkom på øya i lag med det meste av mannskapet sitt. Grava hans på Beringøya er eit beskjeden monument. Om lag halvparten av mannskapet hans klarte å overleve vinteren på grunn av det rike dyrelivet og naturalist og lege Georg Wilhelm Steller, som tvinga dei til å ete tang for å lækje dei for skjørbuk. Dei oppdaga mellom anna Stellers sjøku.[7] Etter kvart vart det bygd ein mindre båt av restane av «St. Peter» og dei overlevande kom seg tilbake til Kamtsjatka med mange verdifulle oterpelsar. Då det vart oppdaga havoter i området førte dette til eit jag av pelsjegarar kalla «Promysjlennikij», som igjen førte til at Russland vart utvida inn i Alaska. Steller sjøku, som berre heldt til rundt Beringøya, vart utrydda i 1768.

Aleutiske folk vart flytta til Kommandørøyane tidleg i 1825 av Det russisk-amerikanske selskapet frå Aleutane for at dei skulle drive handel med og jakt på sel. Dei fleste av desse aleutarane kom frå øya Atka og dei som heldt til på Mednyj kom frå Attu, som i dag begge er amerikanske øyar. Eit blandingsspråk kalla Mednyj-aleutisk, med aleutiske røter og russisk verbbøying, utvikla seg hos innbyggjarar. I dag er øyane om lag 2/3 russisk og 1/3 aleutisk.

Slaget ved Kommandørøyane fann stad i 1943, om lag 160 km sør for øyane.[8]

Grensestrid[endre | endre wikiteksten]

To mindre grupper skjer nær Mednyj, Sjøløveskjeret (russisk Сивучий Камень eller Sivutsjij Kamen) og Havoterskjera (russisk Камни Бобровые eller Kamni Bobrovyje), vert av enkelte amerikanarar rekna som eit omstridd område. Dei amerikanske styresmaktene har derimot ikkje gjort krav på øyane og reknar dei som russisk territorium.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Derbeneva OA, RI Sukernik, NV Volodko, SH Hosseini, MT Lott og DC Wallace. 2002. "Analysis of Mitochondrial DNA Diversity in the Aleuts of the Commander Islands and Its Implications for the Genetic History of Beringia". American Journal of Human Genetics. 71, no. 2: 415-21.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 I. Barabasj-Nikiforov (1938). «Mammals of the Commander Islands and the Surrounding Sea». Journal of Mammalogy 19 (4): 423–429. doi:10.2307/1374226. 
  3. A. Doroff; J.A. Estes; M.T. Tinker (2003). «Sea otter population declines in the Aleutian archipelago». Journal of Mammalogy 84 (1): 55–64. doi:10.1644/1545-1542(2003)084<0055:SOPDIT>2.0.CO;2. 
  4. H. Johansen (1961). «Revised List of the Birds of the Commander Islands». The Auk 78 (1): 44–56. 
  5. P. Anderson (1995). «Competition, predation, and the evolution and extinction of Steller'shavet cow, Hydrodamalis gigas». Marine Mammal Science 11: 391–394. doi:10.1111/j.1748-7692.1995.tb00294.x. 
  6. ^ BirdLife International (2004). Phalacrocorax perspicillatus. 2006 IUCN Red List of Threatened Species. IUCN 2006. Vitja 18. juli 2008.
  7. G.W. Steller (1988). Journal of a Voyage with Bering, 1741-1742. Stanford: Stanford University Press. s. 252. ISBN 0-8047-2181-5. 
  8. Lorelli, John A. (1984) The Battle of the Komandorski Islands, March 1943. Annapolis, Md: Naval Institute Press, ISBN 0-87021-093-9
  9. Grensetvist, arkivert frå originalen 25. juni 2003, henta 25. juni 2003 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]