Kommet Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kommet forlag er eit forlag starta av Jan Erik Vold og Helge Rykkja. Forlaget var i drift ei kort tid på 1960-talet og igjen tidleg på 2000-talet. Diktarane brukte forlaget til å driva «pirattrykking» der diktaren sjølv hadde kunstnarisk og økonomisk kontroll. Ved hjelp av moderne offsettrykk kunne det trykka bøker slik forfattarane sjølv hadde utforma dei.

I 1966 kom Rykkja og Vold med kvar si utgjeving på forlaget. BOK, Helge Rykkja sin debut, var trykt i forfattaren si eiga handskrift og inneheldt korte, avantgardistiske tekstar, medan blikket av Jan Erik Vold eksperimenterte med rekkjefølga av fem maskinskrivne ord over fleire sider.

I 2003 gav Vold ei ny, kort diktsamling ut på forlaget, Diktet minner om verden, signert av forfattaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]