Kommunal- og regionaldepartementet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) er eit norsk departement med ansvar for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvalting og gjennomføring av val.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Kommunal- og regionaldepartementet blei oppretta i Einar Gerhardsen si andre regjering 20. desember 1948 som Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den første kommunalministeren var Ulrik Olsen. Frå 1990 til 1992 blei departementet kalla Kommunaldepartementet. Arbeidsavdelinga blei i 1997 overført til det som då blei Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Politisk leiing [endre]
Statsråd og sjef for departementet er frå 20. oktober 2009 kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete som representerer Senterpartiet (Sp).
Underliggjande etatar [endre]
- Husbanken
- Kommunalbanken
- Husleigetvistutvalet i Oslo
- Statens bygningstekniske etat
- Selskapet for industrivekst
- Innovasjon Norge