Kommunistische Partei Deutschlands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kommunistische Partei Deutschlands (KPD) var eit politisk parti i Tyskland som vart oppretta 1. januar 1919. Det vart skipa mellom anna av Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg, som vart avretta under spartakistopprøret i Berlin. På 20-talet vart KPD eit masseparti, og fekk heile 100 mandatar i den tyske Riksdagen. I 1933 vart partiet forbode av nazi-regimet. Partileiinga fungerte vidare frå eksil i Sovjetunionen. I 1945 vende dei tilbake til Tyskland. I den sovjetiske okkupasjonssona vart partiet i 1946 slått saman med SPD til Tysklands sosialistiske einskapsparti (SED). I den vestlege okkupasjonssona deltok KPD i det første forbundsdagsvalet i 1949 og vart vald inn i Forbundsdagen. Av dei andre partia vart KPD sett som medskuldig i Weimar-republikken sin undergang og forfatningsfiendtleg, og det vart forbode i 1956.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!