Kommunistisk Plattform

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kommunistisk Plattform er ein partiførebuande paraplyorganisasjon samansett av tidlegare AKP-arar og medlemer frå ML-gruppa Revolusjon og Noregs kommunistiske studentforbund. Organisasjonen vart skipa i kjølvatnet av AKP-nedlegginga. Kommunistisk Plattform har til føremål å reisa eit nytt parti med kommunistisk organisering.

I ei fråsegn frå organisasjonen heiter det mellom anna at:

Akp er i ferd med å legge seg ned og gå inn i et nytt ”bredt” parti sammen med Rød Valgallianse. Det sammenslåtte partiet er et åpenbart reformistisk prosjekt.

Kommunistisk plattform har derfor tatt initiativ til å forene de kommunistene i Norge som ikke har gitt etter for opportunismen.

Et koordineringsutvalg med folk fra ulike ml-miljøer står bak Kommunistisk plattform.

Organisasjonen har tidsskriftet Revolusjon som talerøyr.

Talspersonen til Kommunistisk Plattform er Dagbjørn Skipnes. Leiinga i KP(ml) er ikkje offentleg kjend. Tidlegare talspersonar:

  • Kjell Arnestad 2007-2012
  • Torstein Skarbø 2012-2013
  • Dagbjørn Skipnes 2013-

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]