Komorane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Union des Comores
Udzima wa Komori

الاتحاد القمر' (norsk: Komorane, komorisk)

Det komoriske flagget Det komoriske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Udzima wa ya Masiwa»
Motto Unité - Justice - Progrès (fransk, eining, rettferd, framsteg)
Geografisk plassering av Komorane
Offisielle språk Shikomor, arabisk og fransk
Hovudstad Moroni
Styresett

Ikililou Dhoinine
Flatevidd
 – Totalt
 
2 235 km² (171.)
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
737 284 (161.)
329,9 /km²
Sjølvstende
Frå Frankrike
1975
BNP
 – Totalt (2004)
 – Per innbyggjar
 
789 mill. USD (185.)
1 000 USD (184.)
Valuta Komoriske franc
Tidssone UTC+3
Toppnivådomene .km


Komorane er ein sambandsrepublikk som er samansett av dei vulkanske øyane Grande Comore, Moheli og Anjouan, dei tre nordlegaste av øyane i den komoriske øygruppa utanfor kysten av det sørlege Afrika.

Kart over Komorane

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øyane er blitt invadert av ulike grupper frå fastlandsafrika, Persiabukta, Indonesia og Madagaskar. Oppdagarar frå Portugal kom til øygruppa i 1505. Tidleg på 1800-talet tok Frankrike kontroll over Komorane. Franske nybyggjarar og verksemder og arabiske handelsmenn gjekk saman om å bygga opp eit plantasjesystem som brukte ein tredjedel av landbruksjorda til dyrking for eksport.

I 1973 blei Komorane og Frankrike einige om at landet skulle få sjølvstende fem år seinare. Men allereie den 6. juli 1975 vedtok den komoriske nasjonalforsamlinga sjølvstende. Utsendingane frå øya Mayotte avstod frå å stemma, og øya fortsette å vera under fransk styre.

Sidan 1975 har Komorane hatt 19 statskupp eller kuppforsøk. I 1997 sa øyane Anjouan og Moheli seg sjølvstendige. Militærkommandøren Azali Assoumani tok makta i 1999 og prøvde å løysa krisa ved å skapa ein føderasjon. Mot slutten av 2001 blei den nye grunnlova godkjend, og året etter valde kvar øy sin eigen president medan ein ny unionspresident blei svoren inn den 26. mai 2002.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Denne republikken i Det indiske havet er ei gruppe vulkanske øyar som ligg i den nordlege enden av Mosambikkanalen mellom Mosambikk og Afrika. Klimaet er varmt, og temperaturane held seg stort sett rundt 27-31 °C på det varmaste. I tillegg er det for det meste regnfullt, men perioden frå mai til oktober er litt tørrare. Moroni har ein årleg nedbørsnormal på 2542 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Komorane
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.