Kompensasjonsdjupne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kompensasjonsdjupne eller kompensasjonsnivået er eit omgrep i marinbiologi og ferskvassbiologi, og skildrar det vassdjupet der lyset er så svakt at planteplanktonet ikkje har noko netto fotosyntese. Det vil si at mengda karbon tapt ved celleanding er like stor som den mengda som vert knytt opp ved fotosyntesen. Kompensasjonsdjupna skil mellom den eufotiske og afotiske sonen i vatnet.

Forsøk har vist at kompensasjonsdjupna ligg på eit nivå der mellom 0,1 og 1% av sollyset har trengd ned.

Karbonatkompensasjonsdjupne er djupna i havet der oppløysingsgraden av kalsiumkarbonat (CaCO3) er like stor som tilførsla. Denne likevekta har ein i dag vanlegvis på djupner mellom 3000 m og 5000 m, men dette kan ha endra seg i løpet av historia til jorda. Over kompensasjonsdjupna vil ein finne kalkslam avsett på botn av verdsahava, danna av små kalsiumkarbonatpartiklar som sakte søkk ned frå vassmassane oppfor. Under denne djupna vil kalkpartiklane gå i oppløysing, og i staden finn ein brunt eller raudt djuphavsslam med annan samansetting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]