Komplement i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Komplement er eit omgrep som vert nytta fleire stader i matematikken.

Geometri[endre | endre wikiteksten]

Komplementvinklar eller komplementære vinklar er to vinklar som til saman har summen 90 °.

Mengdelære[endre | endre wikiteksten]

I mengdelæra nyttar ein komplement i følgjande tyding: Viss A er ei mengd i ei større mengd S, så vert mengda S minus A sagt å vere komplement til mengda A eller komplementærmengd i S. Komplementet til A i S er altså mengda av dei element i S som ikkje er i A.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]