Komplementaritetsprinsippet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Komplementaritetsprinsippet er eit prinsipp som byggjer på den førehandstrua at ei rekkje av eigenskapane til naturen er parvis komplementære, det vil sei slik at dei opplysningane ein får ved å undersøkja den eine eigenskapen, utfyller eller kompletterer det ein får vita ved å undersøkja den andre eigenskapen. Begge eigenskapane kan ikkje undersøkjast fullt ut samstundes. Nøyaktig informasjon om den eine eigenskapen må alltid gjevast på rekning av informasjon om den komplementære eigenskapen.

Komplementaritetsprinsippet vart formulert av dansken Niels Bohr i 1928. Fysikken har eit kvantitativt uttrykk for komplementaritetsprinsippet i Heisenbergs uskarpsleiksrelasjon, men Bohr trudde òg at det same prinsippet kunne vere gyldig utanfor området til fysikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]