Komsomoletsøya

Koordinatar: 80°34′N 94°29′E / 80.567°N 94.483°E / 80.567; 94.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komsomoletsøya.
Plasseringa til Severnaja Zemlja.

Komsomoletsøya (russisk остров Комсомолец; Ostrov Komsomolets) er øy i Severnaja Zemlja i Russland. Ho er den den tredje største av øyane og den nordlegaste av dei store øyane i gruppa. Ho er òg den 82. største øya på jorda.

Det nordlegaste punktet på øya heiter Kapp Arktis og er utgangspunkt for mange polekspedisjonar.

Arealet er estimert til 9 006 km². Det høgaste punktet på øya er 780 meter over havet. Om lag 65 % av øya er dekt av isbrear, medan resten hovudsakleg består av laus leirjord og sand. Den største isbreen i Russland ligg på Komsomoletsøya, Vitskapsakademibreen[1], som ligg 819 meter over havet på det høgaste og dekkjer 5 575 km² av øya.[2]

Jordsmonnet på øya består stort sett av laus leirjord og sand og ho er ein tundraørken med spreidd mose og lav.[2]

Øya vart først utforska og namngjeven av ekspedisjonen til Georgij Usjakov og Nikolaj Urvantsev i 1930 - 1932. I trå med dei andre øyane i gruppa kalla dei øya etter hendingar og rørsler frå den russiske revolusjonen i 1917. Denne øya vart kalla opp etter medlemmene i Komsomol, den kommunistiske ungdomsunionen.

Nordvest for Komsomoletsøya ligg nokre småøyar kalla Ostrova Demjana Bednogo.

Det er føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Marija (St. Maria).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bilete av Vitskapsakademibreen, arkivert frå originalen 5. februar 2012, henta 12. august 2008 
  2. 2,0 2,1 http://www.oceandots.com/arctic/severnaya-zemlya Severnaja Zelmja på oceandots.com

80°34′N 94°29′E / 80.567°N 94.483°E / 80.567; 94.483