Kondensasjonsnivå for heving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kondensasjonsnivå for heving (engelsk: Lifting condensation level, LCL) er høgda der ein luftpakke som blir heva vil bli metta på grunn av adiabatisk avkjøling

Ein kan finne nivået på følgjande måte på eit meteorologisk diagram:

Den potensielle temperaturen til luftpakken blir ikkje endra så lenge prosessen er adiabatisk (ingen varmeutveksling med omgivnadane). Volumet vil derimot auke sidan lufttrykket minkar med høgda. Dette fører til at temperaturen til luftpakken minkar (ut frå den ideelle gasslova). Sidan luftpakken heller ikkje mistar masse, vil blandingsforholdet mellom vassdamp og tørr luft vere det same heilt til temperaturen har nådd nivået for metting. Når det skjer vil vassdampen kondensere, og visst luftpakken blir heva vidare oppover vil det bli danna skyer

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • M K Yau and R.R. Rogers, Short Course in Cloud Physics, Third Edition, publisert av Butterworth-Heinemann, 1. januar 1989, 304 sider. EAN 9780750632157 ISBN 0-7506-3215-1