Kondoeffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kondoeffekt er ein effekt som er avhengig av temperatur og som aukar til dømes elektrisk motstand, varmekapasitet, magnetiseringsevne og evne til å produsere termoelektrisitet i ikkje-magnetiske metall med små mengder magnetisk forureining.

Effekten vart først skildra av Jun Kondo, som nytta ein tredjeordens perturbasjonsteori på probelmet, som føresåg spreiingsraten til ytre elektron i magnetisk forureining når temperaturen går mot 0 K.[1] Den temperaturavhengige motstanden vert skriven som:

\rho(T) = \rho_0 + aT^2 + c_m \ln\frac{\mu}{T} + bT^5,

der ρ0 er den gjenverande motstanden, aT2 syner fordelinga frå Fermi-væskeeigenskapar, og leddet bT5 kjem frå gittervibrasjonar. a, b og cm er konstantar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kondo, Jun (1964). «Resistance Minimum in Dilute Magnetic Alloys» (free access). Progress of Theoretical Physics 32: 37. Bibcode 1964PThPh..32...37K. doi:10.1143/PTP.32.37.