Kondorar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kondor)
Kondorar
Andeskondor, Vultur gryphus
Andeskondor, Vultur gryphus
Utbreiing
Utbreiing av kondorar, gult indikerer nordlegaste hekkeområde for kalkunkondorar
Utbreiing av kondorar, gult indikerer nordlegaste hekkeområde for kalkunkondorar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Kondorar Cathartidae
Lafresnaye, 1839

Kondorar, Cathartidae, er ein biologisk familie med sju artar som har leveområde avgrensa til varme og tempererte område av Amerika. Denne fuglegruppa er òg kalla vestgribbar.[1] Kondorar er ikkje nært i slekt med gribbar i «den gamle verda», likskapen mellom desse to gruppene kjem av konvergerande evolusjon; liknande eigenskapar hos dei to ikkje-relaterte gruppene har uavhengig tilpassa seg til same type miljø og levesett. Kondorar skil seg frå gribbar med at dei generelt har luktesans medan gribbar berre kan finne åtsel med hjelp av synet. Dei fleste artar i begge grupper har eit karakteristisk hovud utan fjørkleding.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Klassifiseringa har vore omstridt, kondorar er plasserte i ordenen Cathartiformes etter Clementslista,[2] men i ordenen Accipitriformes, haukefuglar, etter IOC-lista.[3] Tidlegare var kondorfamilien ein del av ordenen falkefuglar, Falconiformes, men frå siste del av 1900-talet har mange rekne kondorar som storkefuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kondorar er generelt store fuglar, og varierer i lengd frå 56-61 centimeter for den minste arten myrkondor på opp til storleiken for kaliforniakondor og andeskondor som begge kan nå 120 cm i lengd og vege over 12 kilogram. Fjørdrakta er i stor grad svart eller brun, ofte med kvite markeringar. Alle artar har fjørlaust hovud og naken hals. Hos nokon artar er huda her lys i farga, og hos kongekondoren er det utvikla store fargerike hudflikar og utvekstar.

Alle artar har lange, breie venger og en stiv hale begge egna til glideflukt på oppstigande luft. Av verdas fugleartar er kondorar dei som er best tilpassa slik flyging over land. Føtene har klør, men dei er svake og ikkje tilpassa griping av bytte. Framtærne er lange med ein liten hudlapp mot foten. Ingen kondorar har syrinx, som gjev fuglar evne til lage lyd, derfor har ikkje desse fuglane anna lyd enn sjeldne grynt.

Samanlikna med haukar har kondorar relativt svakt nebb. Nebbet er tilpassa det å rive kjøtt av delvis rotne åtsel, heller enn å rive fersk kjøtt. Naseopningane er ovale og sit i ein mjuk sere. Nasen er ikkje delt i midten av ein septum, men er hol tvers gjennom nebbet som ein ser tydeleg hos kalkunkondoren. Augo er framtredande, og i motsetnad til hos ørner, haukefuglar og falkar, ligg ikkje augo i skugge av kraftige augebrynbein. Medlemmer av slektene Coragyps og Cathartes har ein ufullstendig utvikla øvre augelokkfold og to rader på nedre lokk, medan kaliforniakondor, andeskondor og kongekondor manglar foldar totalt.

I likskap med storkefuglar, Ciconiiformes, har kondorar ein vane med å skilje ut væske ned på beina for å avkjøle beina.

Alle artar i familien er åtseletarar.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Kondorar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]

Slekt Gymnogyps
  • Kaliforniakondor, Gymnogyps californianus, California Condor, (Shaw, 1797), (CR)
Vengespenn 2,8 m, kroppslengde 117-134 cm, vekt 8,5-8,8 kg, ca. 330 ville individ i snever utbreiing i sørvestlege USA og Baja California
Slekt Sarcoramphus
  • Kongekondor, Sarcoramphus papa, King Vulture, (Linné, 1758), (LC)
Vengespenn 1,2-2,0 m, kroppslengde 71-81 cm cm, vekt ca. 3,4 kg, utbreiing i Mellom-Amerika og Sør-Amerika sør til nordlegaste Uruguay
Slekt Vultur
  • Andeskondor, Vultur gryphus, Andean Condor, Linné, 1758, (VU)
Vengespenn 2,6-3,2 m, kroppslengde 100-130 cm, vekt 8-15 kg, utbreiing langs Andes frå Kapp Horn og Patagonia i sør til Colombia i nord
Slekt Coragyps
  • Svartkondor, Coragyps atratus, Black Vulture, (Bechstein, 1793), (LC)
Vengespenn 1,4-1,5 m, kroppslengde 60-68 cm, vekt 1,6-2,2 kg, utbreiing frå sørlege USA sørover til sentrale Chile og Argentina
Slekt Cathartes
  • Kalkunkondor, Cathartes aura, Turkey Vulture, (Linné, 1758), (LC)
Vengespenn 1,6-1,8 m, kroppslengde 64-81 cm, vekt rundt 2 kg, utbreiing i frå sørlegaste Canada til Kapp Horn og Falklandsøyane
  • Myrkondor, Cathartes burrovianus, Lesser Yellow-headed Vulture, Cassin, 1845, (LC)
Kroppslengde 51-61 cm, vekt ca. 0,9-1,2 kg, utbreiing fragmentert i austlege Mellom-Amerika og austlege Sør-Amerika
  • Skogkondor, Cathartes melambrotus, Greater Yellow-headed Vulture, Wetmore, 1964, (LC)
Kroppslengde 74-81 cm, vekt ca. 1,5 kg, utbreiing i Amazonas og nærliggande område inkludert landa i Guyanaregionen og austlege Venezuela

Galleri[endre | endre wikiteksten]

I flukt:

Artsskildring:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Gribber» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  3. 3,0 3,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.2). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 26. september 2021
  4. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]