Kondorpapegøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kondorpapegøye

Status i verda: NT Nær truga


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Pyrilia
Art: P. aurantiocephala
Vitskapleg namn
Pyrilia aurantiocephala
Gaban-Lima, Raposo & Hofling, 2002

Kondorpapegøye (Pyrilia aurantiocephala) er ein art i papegøyefamilien Psittacidae. Han er endemisk til austsentrale Amazonas i Brasil. Dei naturlege habitata er tropiske fuktige låglandsskogar. Denne papegøyen vart opphavleg trudd å vere ein juvenil av gribbpapegøye grunna den oransje farga på det skalla hovudet, i motsetnad svart hovud på vaksne gribbpapegøyar. Men då det vart oppdaga at dei skalla individa var kjønnsmodne, vart fuglen skildra som ein ny art.[1] I røyndomen er ungfuglar av begge artar fjørkledde, med grønaktig hovud heilt ulikt vaksne fuglar.

Kondorpapegøyen er ein liten til middels, samla sett grøn papegøye med eit skalla, bruntorange hovud.[1] Som fleire andre medlemmar av slekta Pyrilia, har den raude undervengen dekkfjører som knapt er synlege når dei sit, men svært iaugefallande i flukt.

Han blir rekna som nær truga av BirdLife International, og dermed av IUCN på grunn av den utbreidde avskoginga av Amazonas.[2] Tidlegare var kondorpapegøyen plassert i slekta Pionopsitta, som no er monotypisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ellis, Richard (2004). No Turning Back: The Life and Death of Animal Species. New York: Harper Perennial. ss. 171. ISBN 0-06-055804-0. 
  2. BirdLife International (2012) Species factsheet: Pyrilia aurantiocephala. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. november 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kondorpapegøye