Kondrul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kondrular i ein meteoritt.

Kondrular (frå gresk chondros, som tyder 'korn' eller 'frø') er submillimeter- til millimeterstore dropar av snøggavkjølt silikatsmelta som ein finn i meteorittar. Dei er vanlegvis samansette av olivin og/eller pyroksen, med ulike teksturar, alt etter som kva opphavsmaterialet var, og korleis avkjølinga gjekk føre seg. Pyroksenrike kondrular er ofte samansette av krystallittar som strålar utifrå eit punkt som ligg litt utanfor sentrumet i kula. Olivinrike kondrular har ofte ein blokkete eller tversgåande struktur.

Opphavet til kondrulane er ikkje visst. Ein teori går ut på at dei vart danna gjennom avkjøling av smelta dropar som vart til ved kollisjonar mellom asteroidar, eller gjennom direkte kondensasjon frå ein gass. Alternativt kan dei ha vorte til gjennom smelting og storkning av små støvkorn i tåka som solsystemet vart danna utifrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «chondrule» s. 84-85 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.