Konevits kloster

Koordinatar: 60°50′52″N 30°35′08″E / 60.84778°N 30.58556°E / 60.84778; 30.58556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°50′52″N 30°35′08″E / 60.84778°N 30.58556°E / 60.84778; 30.58556

Katholikon i klosteret blei bygd mellom 1800 og 1809.
Konevits kloster sett frå aust.

Konevits kloster (russisk Коневский Рождество-Богородичный монастырь - Konevskij Rozjdestvo-Bogoroditsnyj monastyr ('Konevetskij kloster av Jomfru Marias fødselsdag'); finsk Konevitsan Jumalansynnyttäjän syntymän luostari) er eit russisk-ortodoks kloster, som ligg på øya Konevets vest i innsjøen Ladoga i Leningrad oblast i Russland. Klosteret vert ofte sett på som tvillingklosteret til Valamo kloster på ei anna øy i Ladoga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Øya Konevets er opp mot 5 km lang og i gjennomsnitt 2 km brei. Øya ligg 5 km frå fastlandet. I mellomalderen blei det bygd heilagdomar av finske stammer her. Spesielt heilage for dei finske stammene var ein stor stein som hadde form som eit hestehovud. Steinen veg 750 tonn og er kjend som «Hestesteinen», og har gjeve namn til øya.

Klosteret blei grunnlagt i 1393 av heilage Arseny av Konevets, som ville lære heidenske karelar kristendom. Klosteret blei flytta fleire gonger på grunn av fare for flaum. Jomfru Marias fødselsdag-katedralen blei grunnlagt av Arseny i 1428 som klosterkatedralen, og den viktigaste heilagdomen var eit mirakuløst ikon av Jomfru Maria, som St. Arseny førte med seg frå det heilage fjellet Áthos. Ikonet førestiller Jesus som leikar med ei lita due, som er eit teikn på andeleg reinleik.

Klosteret på Konevets blei like kjent for misjonering som Valamo kloster. Øya blei angripe av svenskar under den russisk-svenske krigen i 1614-1617. Munkane blei nøydd til å flykte til Novgorod. Først etter at området blei russisk igjen etter den store nordiske krigen, fekk dei tilbake eigedomen sin på Konevets. Det gjenoppretta klosteret var avhengig av Novgorod fram til 1760 då det offisielt blei godkjent som eit sjølvstendig kloster. I 1812 etter den finske krigen blei klosteret administrativt ein del av det nyoppretta Storfyrstedømet Finland saman med resten av «gamle Finland».

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Konevits katedral

Gullalderen til klosteret var på 1800-talet då stordomen til klosteret blei kjend i keisarhovudstaden, og klosteret blei vitja av store gjester frå St. Petersburg, mellom andre Aleksander Dumas og Fedor Tuttsjev. Nikolaj Leskov skildrar inntrykka sine under eit besøk til klosteret i 1873. Sidan klosteret blei så populært kunne munkane her starte på omfattande byggingsarbeid og starta med bygginga av ein nye katedral i 1800-1809. Denne enorme bygningen med to etasjar og åtte kolonnar blei teikna av dei lokale eldste-munkane. På toppen av bygningen er det fem åttekantA fat som støtter fem blå kuplar. Same stil blei nytta for eit tre etasjar og 35 meter høgt klokketårn (1810-1812). Nokre andre kyrkjer, ein kai og vertshus blei bygd i løpet av hundreåret. To celler blei bygd på ein av dei tidlegare stadane der klosteret hadde stått.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Etter den russiske revolusjonen i 1917 fekk det nye sjølvstendige Finland klosteret på Konevets. Klosteret kom under den sjølvstyrte finsk-ortodokse kyrkja (etter vedtak av Konstantinopel-patriarkatet). Øya blei invadert av finske soldatar, og klosterhotellet blei ekspropriert til militæret. Under vinterkrigen og krigen i 1941-1944 blei bygningane i klosteret skadd. 13. mars 1940 flykta munkane til Finland og tok det heilage ikonet med seg.

Arseny sine private ting og salmeboka frå 1300-talet blei overført til det russisk nasjonalbiblioteket. Munkar kom tilbake ein kort periode i starten av krigen 1941-1944, men i august 1944 reiste dei i lag med den finske hæren. Sidan samla dei seg saman med munkar som flykta frå Valamoklosteret og grunnla Ny-Valamokloster i Finland.

Under Sovjetunionen blei bygningane i klosteret brukt til militære formål. I 1990 blei klosteret eit av de første klostra som blei returnert til den russisk-ortodokse kyrkja. I november 1991 annonserte munkar at dei hadde oppdaga leivningane til St. Arseny, som blei gøymd frå svenskane i 1573. Fram til 2004 blei klosteret stort sett gjennoppbygd. Mange turistar vitja klosteret årleg.