Konflikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalitpartiet Aathi Thamilar Peravai, danna på grunn av kastekonfliktar, held ein demonstrasjon i New Delhi.

Konflikt (frå latin confligere, 'støyte saman')[1] viser til fleire kjensler eller hendingar mellom personar eller grupper.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Konflikt kan vera samanstøyt eller strid, særleg mellom personar, samfunnsgrupper eller statar kan ha røter til usemje mellom interesser, idear, retningar, kjensler eller liknande. Konfliktar kan uttrykkast med fredelege middel, som debattar, demonstrasjonar og andre protestar, eller bli til ei valdeleg konflikt, til dømes gjennom opptøyar eller krig.

Psykologi[endre | endre wikiteksten]

Konflikt innan eit menneskesinn er ein tilstand der to eller fleire motstridande ynskje, impulsar eller motiv er til stades på same tid. Langvarige eller sterke uløyselege konfliktar kan vera sterk mentalt tyngjande og medverka til emosjonell uro. Også konfliktar mellom innbyrdes motstridande erfaringar (kognitiv dissonans); mellom korleis ein oppfattar seg sjølv og korleis ein helst vil vera (sjølvbilete/sjølvideal); eller mellom forventningane ulike grupper har til same person (rollekonfliktar), kan ha stor vekt for personen, både i konstruktiv og i negativ retning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]