Kong Georg-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kong Georg-krigen

Stad Nord-Amerika
Resultat status quo
Partar
Frankrike

Ny-Frankrike

Storbritannia 1606-1801 Storbritannia
Storbritannia 1606-1801 Dei tretten koloniane
Irokesarføderasjonen

Kong Georg-krigen er namnet på operasjonane som fann stad i Nord-Amerika frå 1740 til 1748 som ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen. Namnet Kong Georg-krigen (King George's War) vert berre nytta i USA. I Storbritannia, Canada og Frankrike, er denne krigen ein krigsskodeplass i den austerrikske arvefølgjekrigen og har ikkje eit eige namn. Han var den tredje av dei fire franske og indianske krigane.

Krigen om øyra til Jenkins starta offisielt då ein spansk kommandant kutta av øyra til den engelske handelskaptein Robert Jenkins og bad han ta det med til kongen sin, Georg II. Krigen braut ut i 1739 mellom Spania og Storbritannia, men var avgrensa til Det karibiske havet og den britiske kolonien Georgia. Dette eskalerte til Kong Georg-krigen i 1744 då franskmennene allierte seg med Spania.

I 1745 tok dei britiske kolonistyrkane festninga LouisburgCape Breton Island. Den 28. november 1745 øydela franskmennene og deira indianske allierte landsbyen Saratoga i New York og tok livet av og fanga meir enn 100 innbyggjarar. Alle dei engelske busetjingane nord for Albany vart så forlatne. I juli 1746 samla ein samla styrke irokesarar og folk frå fleire koloniar seg nord i New York for eit hemnåtak mot Canada; men dei britiske styrkane kom aldri og åtaket vart avbrote. Kolonistyrkane slo leir i Albany for vinteren, men året etter gjorde dei eit nytt åtaksforsøk. I 1748 gjekk dei indianske allierte av Frankrike til åtak på Schenectady i New York.

Krigen sleit hardt på dei nordlege koloniane. Berre i Massachusetts døydde om lag 8 % av mennene i kolonien i 1745-1746.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter Aix-la-Chapelle-traktaten vart Louisbourg-festninga gjeve tilbake til Frankrike tre år seinare i byte for byen Madras i India, som franskmennene hadde teke for britane. Fredsavtalen, som sette tilbake kolonigrensene slik dei hadde vore før krigen starta, gjorde lite for dempe fiendskapet mellom Frankrike, Storbritannia og koloniane deira, og løyste heller ikkje territoriestridane. I 1754 braut den franske og indianske krigen ut, og dette spreidde seg to år seinare til Europa som sjuårskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]