Kong Karls Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kong Karls Land
Geografi
Topographic map of Svalbard.svg
Stad Barentshavet
Koordinatar 78°50′N 28°07′EKoordinatar: 78°50′N 28°07′E
Øygruppe Svalbard
Tal på øyar 5
Store øyar Kongsøya, Svenskøya, Abeløya, Helgolandøya og Tirpitzøya
Areal 332 km²
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Demografi
Folketal 0

Kong Karls Land er ei øygruppe som utgjer ein del av Svalbard. Øygruppa ligg i Barentshavet søraust for Nordaustlandet. Øygruppa består av dei fem øyane Svenskøya, Kongsøya, Abeløya, Helgolandøya og Tirpitzøya, samt ei rekke mindre øyar, holmar og skjer. Det samla arealet er 332 km². Den største av øyane er Kongsøya på 195 km².

Kong Karls Land vart oppdaga under ein ekspedisjon av Moskovskaja Kompanja i 1617, truleg frå eit høgt punkt på Barentsøya. Dei kalla gruppa Wicheøyane. Erik Eriksen gjenoppdaga øygruppa i 1853 frå eit fjell på Edgeøya. Eriksen gjekk i land på øygruppa som første mann den 27. juli 1859. Kong Karls Land er eit viktig hiområde for isbjørn. Øyane er ein del av Nordaust-Svalbard naturreservat. Det er forbode å gå på og nær øyane heile året.

Mellom Svenskeøya og Kongsøya går Rivalensundet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]