Konge av romarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konge av romarane (latinsk Romanorum Rex) vart nytta av dei tysk-romerske keisarane etter at dei hadde vorte stadfesta som keisarar, men før dei hadde vorte krona av paven. Tittelen må ikkje forvekslast med dei mytiske kongane av Roma.

Denne funksjonen byrja seint i den saliske perioden, men tittelen hadde allereie vorte brukt så tidleg som i ottoske tider, særleg av keisar Henrik II, då han erstatta tittelen konge av tyskarane (latin Rex Teutonicorum), som impliserte ein keisarleg rolle som på dette tidspunktet vart avvist av paven.

Han vart òg brukt som tittel for ein arving til keisartrona som vart vald medan keisaren framleis levde.

Etter kroninga som heilag romersk keisar (og nokre gonger før det) vart tittelen erstatta med det keisarlege semper Augustus («alltid Augustus», eller «alltid majestetisk», «alltid opphøgd», «alltid større», frå lat. augere).

Ikkje alle som vart vald til konge av romarane vart krona til keisar.

Liste[endre | endre wikiteksten]

Dei følgjande var regjerande kongar av romarane, altså menn som styrte riket utan å vere underlagt ein annan herskar, men som ikkje enno hadde vorte krona til keisar.

Konge Vart konge Slutta å vere kongen Anna
Dato Årsak
Otto III 983 996 krona keisar
Henrik II 1002 1014 krona keisar
Konrad II 1024 1027 krona keisar
Henrik III 1039 1046 krona keisar
Henrik IV 1056 1084 krona keisar
Rudolf 25. mai 1077 15 . okt. 1080 død Antikonge
Hermann 6. aug. 1081 28. sept. 1088 død Antikonge
Henrik V 1105 1106 i opposisjon til Henrik IV
1106 1111 krona keisar
Lothar III 1125 1133 krona keisar
Konrad III 1127 1135 i opposisjon til Lothar
1138 1152 død
Fredrik I 1152 1155 krona keisar
Henrik VI 1190 1191 krona keisar
Fredrik II 1197 1197 abdiserte
Filip 1198 1208 død
Otto IV 1198 1208 i opposisjon til Filip
1208 1209 krona keisar
Fredrik II 1212 1220 krona keisar
Henrik Raspe 22. mai 1246 16. februar 1247 død Antikonge
Vilhelm av Holland 1247 28. januar 1256 død Antikonge
Konrad IV 1250 1254 død
Richard av Cornwall 1257 1272 Aldri effektiv herskar av Tyskland
Alfonso av Castile 1257 1275 Antikonge til Richard, aldri effektiv herskar av Tyskland
Rudolf I 1273 1291 død
Adolf 1292 1298 avsett and killed
Albert I 1298 1308 død
Henrik VII 1308 1312 krona keisar
Fredrik the Fair 1314 1322 i opposisjon til Ludvig IV
1326 1330 i lag med Ludvig IV
Ludvig IV 1314 1328 krona keisar
Karl IV 1346 1347 i opposisjon til Ludvig V
1347 1355 krona keisar
Wenceslaus 1378 1400 avsett
Rupert 1400 1410 død
Jobst av Mähren 1410 1411 død i opposisjon til Sigismund
Sigismund 1410 1411 andre valt i opposisjon til Jobst
1411 1433 krona keisar
Albert II 1438 1439 død
Fredrik III 1440 1452 krona keisar
Maximilian I 1493 1508 tok keisartittelen

Utpeikte arvingar[endre | endre wikiteksten]

Det tysk-romerske riket var eit valrike. Ingen personar hadde ein lovleg rett til å ta over trona, sjølv om han var i slekt med den noverande keisaren. Keisaren kunne, og gjorde ofte det, han ein slektning (som regel son), som han valde til å etterfølgje seg etter han døydde. Denne utpeikte arvingen bar tittelen «konge av romarane». Valet av denne var på same måte som den eldre herskaren, og tydde teoretisk sett at dei to mennene var medregentar av riket.

Liste[endre | endre wikiteksten]

Dei følgjande var underordna kongar til ein annan tysk-romersk keisar (vanlegvis, men ikkje alltid, for far sin).

Namn Dato tiltredd Dato avslutta Årsak Forhold Regjerande keisar
Otto II 961 7. mai 973 etterfølgd som konge (keisar 967) son Otto I
Henrik III 1028 4. juni 1039 etterfølgd som konge (keisar 1046) son Konrad II
Henrik IV 1053 5. oktober 1056 etterfølgd som konge (keisar 1084) son Henrik III
Konrad 1087 April 1098 avsett son Henrik IV
Henrik V 6. januar 1099 1105 etterfølgd som konge (keisar 1111) son Henrik IV
Henrik Berengar 30. mars 1147 1150 død son Konrad III
Henrik VI 1169 10. juni 1190 etterfølgd som konge (keisar 1191) son Fredrik I
Fredrik II 1196 28. september1197 etterfølgde og abdiserte (via regentskap) 1197
valt til konge (med opposisjon) 1212
Keisar 1220
son Henrik VI
Henrik (VII) 1220 4. juli 1235 avsett son Fredrik II
Konrad IV 1237 13. desember 1250 etterfølgd som konge son Fredrik II
Wenceslaus 10. juni 1376 29. november 1378 etterfølgd som konge son Karl IV
Maximilian I 16. februar 1486 19.. aug.ust 1493 etterfølgd som konge (keisar 1508) son Fredrik III
Ferdinand I 5. januar 1531 3. mai 1558 etterfølgd som Keisar bror Karl V
Maximilian II 28 November 1562 25. juli 1564 etterfølgd som Keisar son Ferdinand I
Rudolf II 27. oktober 1575 12. oktober 1576 etterfølgd som Keisar son Maximilian II
Ferdinand III 22. desember 1636 15. februar 1637 etterfølgd som Keisar son Ferdinand II
Ferdinand IV 31. mai 1653 9. juli 1654 død son Ferdinand III
Josef I 23. januar 1690 5. mai 1705 etterfølgd som Keisar son Leopold I
Josef II 27. mars 1764 18. august 1765 etterfølgd som Keisar son Francis I

Det første franske keisardømet[endre | endre wikiteksten]

Napoleon I av Frankrike hadde ein son og arving, Napoleon II, fekk han tittelen konge av Roma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]