Kongebærfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongebærfuglar


Kongebærfugl, Paramythia montium
Kongebærfugl, Paramythia montium

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Paramythiidae
Artar

Kongebærfuglar, Paramythiidae, er ein særs liten fuglefamilie avgrensa til høgtliggande skogNy-Guinea. Familien består av to artar i to slekter: meisebærfugl, Oreocharis arfaki, og arten kongebærfugl, Paramythia montium.[1] Dette er fargerike små til mellomstore sporvefuglar som beitar på frukt og litt insekt. Desse artane var tidlegare med i blomsterfuglfamilien Dicaeidae, men DNA-DNA hybridiseringsundersøkingar viste at desse to artane er relatert til kvarandre, men åtskilt frå blomsterfuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Meisebærfugl er den minste arten, han varierer frå 12 til 14 cm i lengd og veg rundt 17-21 gram. Arten kongebærfugl er større, 19-22 cm i lengd og veg 36-61 g. Det finst ein variasjon i storleik hos arten kongebærfugl som skuldast skilnader i høgda over havet for leveområdet etter rapoport-regelen, med aukande storleik i større høgder. Begge artane har korte nakkar, moderat lange, breie, runde venger, og rund kroppsform. Det er skilnader mellom artane i forma på stjerten, meisebærfugl har ein kort, nær kvadratforma stjert, medan arten kongebærfugl har lengre stjert. Begge artane har kort, kraftig og svart nebb.[1]

Fjørdrakta av begge artar er mjuk, dunete og fargerik. Rygg og venger er grøne og halen er blågrå hos begge. Meisebærfugl viser kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, hannen har ljose gule flekker i andletet, på venger og bryst, hoa er gjennomgåande mindre fargerik. Kjønna av arten kongebærfugl er like, men det finst i staden noko variasjon mellom to underartar. Fjørdrakta av meisebærfuglungar liknar hofuglar, og i tilfellet med kongebærfugl liknar ungane meir dei minst fargerike vaksne. Arten kongebærfugl kan vise ein oppreist fjørtopp. Begge artane har unike hårliknande fjører på flankane med ukjent funksjon og som ikkje er synlege i felt.[1]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Begge artar av kongebærfuglfamilien er endemiske til Ny-Guinea. Dette er ein av to familiar som er endemisk til øya, den andre familien er bærfuglfamilien. Begge artane er avgrensa til høgtliggjande, alpine område, vanlegvis over 2200 moh., meisebærfugl kan gå så langt ned som til 850 ved høve, og arten har ein generelt lågare distribusjon enn kongebærfugl. Begge artane lever i tre i høgtliggjande skog, særleg mosegrodd skog. Ved største høgder vil arten kongebærfugl òg ta i bruk forkrøpla alpin skog og fjellkratt. Det er ukjent om dei to artane gjer migrasjonar innanfor utbreiingsområdet, sjølv om det har vorte foreslått at meisebærfugl kan vere delvis nomadisk.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Begge artane er dagaktive fuglar, aktive og vanlege i utbreiingsområdet. Dei viser seg vanlegvis i par eller i små grupper, opptil 30 individ for meisebærfugl eller 10 individ for arten kongebærfugl. Kongebærfuglflokkar kan av og til slutte seg til blandaflokkar for matsøk saman med insektetande fuglar som viftestjertar, honningetarar og blåkroneifrit. Meisebærfuglar vil ofte vere saman med andre fugleartar som honningetarar og paradisfuglar i tre med attraktiv føde.[1]

Så langt det er kjent, er begge artane nesten einsidig fruktetarar. Små frukter og bær utgjer den største delen av føda, sjølv om meisebærfugl har òg vore registrert i å beite på små blomar. Det er dessutan observert at kongebærfugl ved høve et insekt. Dietten til ungar er sett saman av både frukt og insekt.[1]

Forplantingsbiologien i denne familien er dårleg kjent. Begge artane er monogame, og ein trur dei hekkar sesongmessig, med meisebærfugl tilsynelatande hekkande heilt i slutten av den tørre årstida og tidleg i den våte sesongen. Kongebærfugl hekkar frå august til februar. Begge artane byggjer opne koppforma reir av bladmosar. Utover dette finst ikkje meir informasjon om hekking hos meisebærfugl. Hos arten kongebærfugl rugar hoa egga åleine, med ei rugetid som varar i over 12 dagar. Etter klekking vil begge foreldra dele på å mate ungane og fjerne avføringsposar.[1]

Tilhøvet med menneske[endre | endre wikiteksten]

Kongebærfuglar har avgrensa kontakt med menneske. Som mange andre fuglar på Ny-Guinea er dei tilfeldige jaktbytte som matkjelde for menneske, men trass den godt synlege fjørdrakta er ikkje desse fuglane ettertrakta av menneske på grunn av fjørene på same måte som paradisfuglar er det. Viss dei har noka kulturelle tyding for urfolk på Ny-Guinea i dag, så er det ikkje dokumentert. Dei er likevel oppsøkte av fuglekikkarar, spesielt gjelder det arten kongebærfugl, og såleis har desse fuglane ei lita rolle i turismen.[1]

IUCN reknar ingen av dei to artane å vere truga. Begge artane er vanlege innanfor utbreiingsområdet, om nokre alpine habitat har blitt rydda for jordbruk er andre store område enno intakte.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Coates, Brian (2008). «Family Paramythiidae (Painted berrypeckers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. ss. 340–349. ISBN 978-84-96553-45-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]