Monarki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kongedøme)
Gå til: navigering, søk
Ulike styresett

Lista er sortert alfabetisk.

Undersåttar lovspriser kong Vaclav II av Böhmen i denne illustrasjonen frå Codex Manesse frå 1300-talet.

Monarki kjem frå gresk, og betyr eine-styre, det vil seie at éin monark styrer over eit land.

Monarken har i dei fleste land hatt titlar som konge, dronning, keisar, eller keisarinne. Monarkar har i praksis sjeldan styrt aleine, men delt makta si med adelen, sine eigne embetsmenn eller ei folkevald nasjonalforsamling.

I Danmark-Noreg var kongen i prinsippet eineveldig frå 1660 til 1814. Sidan da har vi hatt eit konstitusjonelt monarki, der makta til kongen er blitt gradvis minska. Særleg skjedde dette da parlamentarismen blei innført i Noreg i 1884. Den svensk-norske felleskongen kunne frå da av ikkje utnemne kven han ville til den norske regjeringa. Etter 1905 har Noreg hatt eigen monark. Dette skjedde etter ei folkerøysting der ca 75 % røysta for monarki og ca 25 % for republikk.

I Politikken av Aristoteles er monarki nemninga på det gode kongedømet, det er det styresettet der éin person styrer ein bystat med alle i staten sitt beste for auga.

Kritikk av monarkiet[endre | endre wikiteksten]

Monarki er grunnleggande udemokratisk og i mange land med monarki finst det grupper og/eller politiske parti som ynskjer å fjerna monarkiet. Det er òg tilfellet i Noreg [1][2]. Det er framleis solid fleirtal for monarki i Noreg.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bones, L.E., Vil ha republikk, Dagbladet.no, 6/3-2201.
  2. Aakervik, A., Fire av ti vil ha republikk nå, VG.no, 24/8-2008.
  3. Andersen, U.A. og Hansen, F., En av fire ønsker republikk, Dagbladet.no, 4/4-2001.
  4. Aftenbladet 27.5.2010 Bred oppslutning i Stortinget om monarkiet