Kongedømet Livland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongedømet Livland
Klientstat under Det russiske tsardømet under livlandskrigen
1570–1578
Plasseringa til Livland
Plasseringa til Livland
Livland på kart frå 1573 av Joann Portantius.
Hovudstad Ingen
Styreform Monarki
Konge av Livland Magnus av Livland
Historie
 - Livlandskrigen 1570
 - Livlandskrigen 1578

Kongedømet Livland var ein stat formelt utnemnd av Ivan IV av Russland under den liviske krigen. 10. juni 1570 kom den danske hertugen Magnus av Holstein til Moskva der han vart krona til konge av Livland. Magnus la først ein eid om å aksepterte Ivan som sin overherre og fekk i byte vasallkongedømet Livland. Områda i det nye kongedømet måtte derimot erobrast først. Den nye kong Magnus av Livland drog frå Moskva med 20 000 russiske soldatar for å erobre det svensk kontrollerte Reval. Ivan håpa på støtte frå Fredrik II av Danmark-Noreg, den eldre broren til Magnus, men fekk det ikkje. Mot slutten av mars 1571 gav Magnus opp kampen om Reval og drog frå omleiringa.[1]

Borga Cesis i Wenden, hovudstaden i kongedømet Livland

I 1577 då Magnus hadde mista støtta frå både bror sin og Ivan kalla Magnus på støtte hos den liviske adelen om å drive ut utlendingane. Han vart så angripe av Ivan sine styrkar og tatt til fange. Då han slapp fri tok han tilbake den kongelege tittelen.[2] Magnus var dei siste seks åra av livet sitt i slottet i Pliten i Kurland der han døydde.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]