Kongedømet Lombardia-Venetia
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kongedømet Lombardia-Venetia (italiensk Regno Lombardo-Veneto, tysk Lombardo-Venezianisches Königreich) var eit kongedøme i Nord-Italia etter Napoleon sitt fall. Kongedømet vart oppretta som følgje av avgjersler under Wienerkongressen den 9. juni 1815. Kongedømet opphøyrde då den gjenverande delen av det vart annektert av Italia i 1866.
Wienerkongressen slo saman områda til Lombardia (som hadde vore styrt av habsburgarane sidan 1500-talet, og av den austerrikske greina av familien frå 1713 til 1796) og Venetia (som i periodar hadde vore under austerriksk styre sidan 1797) til ei enkel eining under dei austerrikske habsburgarane.
Administrativt bestod kongedømet av to sjølvstendige styre i to delar. Lombardia omfatta provinsane Milano, Como, Bergamo, Brescia, Pavia, Cremona, Mantova, Lodi-Cream og Sondrio. Venetia omfatta provinsane Venezia, Verona, Padova, Vicenza, Treviso, Rovigo, Belluno og Udine.[1]
Kongedømet Lombardia-Venetia vart først styrt av Frans II frå 1815 til han døydde i 1835. Ferdinand regjerte frå 1835 til 1848.
Etter ein folkeleg revolusjon 22. mars 1848 (Dei fem dagane i Milano), flykta austerrikarane frå Milano, som vart hovudstaden til Governo Provvisorio della Lombardia (Den provisoriske regjeringa i Lombardia). Dagen etter gjorde òg Venezia opprør mot austerrikarane, og danna Governo Provvisorio di Venezia (Den provisoriske regjeringa i Venezia). Austerrikarane gjekk inn Milano (6. august) og Venezia (24. august 1849) etter å ha slått sardiske troppar i Custoza (24-25. juli 1848) og gjeninnførte austerriksk styre.
Frans Josef styrte kongedømet resten av tida det eksisterte. Den yngre bror hans, Maximilian, som seinare vart keisar av Mexico, tente som visekongen hans i Milano mellom 1857 og 1859.
Lombardia vart annektert av det nyoppretta Italia i 1859 som følgje av Zürichtraktaten etter den andre italinske sjølvstendekrigen. Venetia vart avstått til Kongedømet Italia i 1866 i kjølvatnet av sjuvekerskrigen og Prahatraktaten.[1]
Kongar i Lombardia-Venetia [endre]
- Frans I 1815-1835
- Ferdinand I 1835-1848
- Frans Josef I 1848-1866
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kingdom of Lombardy-Venetia frå Engelsk Wikipedia .
- ↑ 1,0 1,1 Rosita Rindler Schjerve (2003) "Diglossia and Power: Language Policies and Practice in the 19th Century Habsburg Empire", ISBN 3-11-017653-X, s. 199-200