Kongedømet Polen (1025-1385)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Królestwo Polskie
Kongedømet Polen
10251385 Blank.png
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Polen
Sentral-Europa, om lag 1097 - Polen er i gult.
Hovudstad Gniezno, Kraków, Poznań, Giecz
Språk polsk (muntleg)
latin (skriftleg)
Religion Romersk katolsk
Styreform Monarki
Historie
 - Kroninga av Bolesław I 1025
 - Krewo-unionen 1385

Kongedømet Polen (polsk Królestwo Polskie, latinsk Regnum Poloniae, ukrainsk Королівство Польське) vart den polske staten frå kroninga av den første kongen Bolesław I i 1025 til unionen med Litauen og styret undet Jagiellon-dynastiet i 1385.

Tidleg kongedømet[endre | endre wikiteksten]

Grunnlaget for utviklinga av ein polsk stat vart lagt av Piast-dynastiet, som var i førarsetet sidan 800-talet Hertug Mieszko I konverterte til kristendom, noko som gjorde at Polen kunne verte ein del av dei kristne kongedøma. I 1000, under Gniezno-kongressen, vart Polen anerkjend som ein stat av Det tysk-romerske riket og Paven. I 1025 vart hertug Bolesław I den modige krona til Konge av Polen, noko som markerte starten på det polske kongedømet. I mange år vart derimot Polen styrt av hertugar, ikkje kongar.

Konge styrte landet på eige hand, men det vart forventa at han respekterte dei tradisjonelle skikkane til folket. Det var ikkje lovpålagt at etterfølgjarane til kongen skulle vere den førstefødde. Alle sønene til kongen eller hertugen hadde dei same rettane til å ta over trona, og den som på ein eller annan måte viste seg som den sterkaste tok over trona.

Periode med splitting[endre | endre wikiteksten]

Hertug Bolesław III den skeivmunna, som styrte frå 1102 til 1138, prøvde å endra kampane mellom dei forskjellige tronpretendentane med å gje styret av Polen eit meir formelt grunnlag. I testamentet sitt delte han landet sitt i fem hertugdømet, som vart fordelt mellom sønene hans.

Det oppdelte Polen

For å sikre at riket vart verande ei eining oppretta han eit ansiennitetsprinsipp, der det eldste medlemet av dynastiet skulle vere storhertug og ha styresmakt over dei andre hertugane. storhertugen styrte, i tillegg til hertugdømet han arva, over eit landområde som ikkje vart delt. Dette var ei landstripe som gjekk frå nord til sør i midten av Polen med Kraków som den viktigaste byen. storhertugen hadde òg kontroll over Pommern, eit len i Det tysk-romerske riket.

Sidan rolla som storhertug alltid gjekk til det eldste av dei fem familiemedlemane gjekk dei fire andre hertugdøma i arv på vanleg måte hos etterkomarane etter sønene til Boleslaw.

Desse forskriftene vart raskt brote då forskjellige hertugar prøvde å oppnå posisjonen som storhertug, sjølv om dei ikkje var den eldste hertugen. Forskriftene som var meint å halde riket samla, splitta landet enno meir og resulterte i at monarkane fekk mindre makt. Polen kom til og med under Přemyslid-kongane av Böhmen, men dynastiet døydde ut før dei klarte å opprette eit stabilt fotfeste i Polen.

Splittinga enda då piasthertugen Władysław I den høgalboga i 1306. Han samla dei forskjellige hertugdøma i Kongedømet Polen og i 1320 vart han krona til konge. Sonen hans, Kasimir den store, styrkte den polske staten kraftig både utanriks og innanriks.

Nytt dynasti og unionen med Litauen[endre | endre wikiteksten]

Kaisimir var det siste mannlege medlemet av Piast-dynastiet og vart etterfølgd av nevøen sin Ludvig, konge av Ungarn frå Angevine-dynastiet. Den gode perioden til monarkiet heldt fram under Ludvig.

Sidan Ludvig heller ikkje fekk søner vart dottera Jadwiga arvingen til det polske monarkiet.

Med Krewo-unionen gifta ho seg med Jagiełło, storhertug av Litauen, som konverterte til kristendom. Ekteskapet skapte ikkje berre ein familieunion mellom Polen og Litauen, men knytte òg dei to landa saman dei neste fire hundre åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]