Kongedømet Portugal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reino de Portugal
Kongedømet Portugal og Algarve
PortugueseFlag1095.svg
11391910 Flag of Portugal.svg
 
Flag Regent Prince of Brazil.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
O Hino da Carta (frå 1834)
Plasseringa til Portugal
Kongedømet Portugal i 1561
Hovudstad Coimbra, Lisboa¹
Språk portugisisk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Konge
 - 1139-1185 Afonso I
 - 1908-1910 Manuel II
Historie
 - Oppretta 26. juli 1139
 - Den spanske sjølvstendekrigen 1808-1814
 - Brasiliansk overhøgd 1815
 - Brasiliansk sjølvstende 12. oktober 1822
 - Revolusjon 1910
Valuta Portugisisk dinheiro (1139-1433)
Portugisisk real (1433-1910)
¹ Hovudstaden flytta til Rio de Janeiro 1808-1815 og under det første dynastiet låg hovudstaden i Coimbra frå 1139 til 1255.

Kongedømet Portugal var Portugal som monarki frå 1139 til 1910. Kongedømet låg vest på Den iberiske halvøya og vart erstatta av Den første portugisiske republikken etter det portugisiske kongenmordet i 1908 og 5. oktober-revolusjonen i 1910.

Opphav og slutt[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Portugisisk historie.

Det andre portugisiske grevskapet (1093-1139) var etterfølgjar etter Det første portugisiske grevskapet (868-1071), og vart ein kongedøme den 26. juli 1139 då Afonso I var erklært konge av Portugal.

I 1908 vart kong Karl av Portugal myrda i Lisboa. Det portugisiske monarkiet varte fram til 5. oktober 1910, då ein revolusjon styrta monarkiet og Portugal vart ein republikk. Dette førte til ein 16 år lang kamp for å oppretthalde parlamentarisk demokrati.

Det portugisiske imperiet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det portugisiske imperiet.

Gjennom historia bygde Kongedømet Portugal det som vart kjend som Det portugisiske imperiet frå 1415. Dette viste tradisjonelt til dei store koloniane dei hadde. Den største var Brasil (oppretta i 1500 og vart eit sjølvstendig land i 1822). Resten av riket kom inn under Republikken Portugal fram til seint på 1900-talet, då dei siste oversjøiske territoriet til Portugal vart slepte fri (mellom andre Portugisisk Afrika, som inkluderte Angola og Mosambik, i 1975, og til slutt Macau i 1999).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]