Kongedømet Toledo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utbreiinga av Kongedømet Toledo i 1590.

Kongedømet Toledo var ei kristent kongedøme i mellomalderen i det som i dag er det sentrale Spania, skapt etter Alfonso VI av León erobra Toledo i 1085.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I april 1065 omleira emir Al-Muqtadir frå Zaragoza byen Barbastro, med støtte frå 500 riddarar frå Sevilla. Guvernøren, grev Ermengol II av Urgel mista livet i kampane og eit par dagar seinare fall byen. Den iberiske og franske garnisonen vart utsletta og dette enda krosstoget til pave Aleksander II på Den iberiske halvøya.

Rundt same tid braut emir Al-Muqtadir forholdet med Castilla, og Ferdinand I førte tropar til Zaragoza - tok Alquezar - og gjekk så inn i Valencia. Trass i at han var underlagt Castilla, førte emir Al-Mamun av Toledo ein styrke støtta av svigersonen emir Abd al-Malik. Mamun fjerna Abd al-Malik frå trona og innlemma Valencia i Kongedømet Toledo. Ferdinand vart særs sjuk og trekte seg frå felttoget og døydde i desember 1065. Riket hans vart då delt mellom dei tre sønene hans: Sancho II i Castilla, Alfonso VI i León og Garcia i Galicia.

I mai 1085, etter å ha spelt dei muslimske kongane mot kvarandre og slått koalisjonen mellom taifaene Sevilla, Badajoz og Zaragoza, klarte Alfonso VI å gå inn i Toledo. Taifaen Toledo vart innlemma i Castilla og byen vart gjort hovudstad i León og Castilla.

«Kongedømet Toledo» var ikkje i røynda eit sjølvstendig kastiljansk kongedømet, men var heller ei offisiell nemning for det såkalla Nye Castilla, som skilde dei nyerobra muslimske områda frå «Gamle Castilla». Det var likevel ei administrativ eining med sine eigne institusjonar. I lag med dei andre kastiljanske landområda, vart det ein del av Kongedømet Spania då Castilla og Aragón vart slått saman under Isabella I av Castilla og Ferdinand II av Aragón.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]