Kongen i statsråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kongen i statsråd er i Noreg den høgste utøvande styresmakta.

Med kongen i statsråd meiner vi regjeringa samla i møte leia av Kongen. Etter skikken vil alle saker som skal opp i statsråd vere diskutert på førehand ved ein regjeringskonferanse eller førebuande statsråd, som Kongen ikkje deltek i.

Når det i norske lover er vist til at Kongen kan avgjere ei sak, blir det til vanleg meint Kongen i statsråd. Men det hender òg at lova viser til Kongen personleg. Til dømes var det Kongen personleg som i 1968 gav kronprins Harald lov til å gifte seg med Sonja Haraldsen, jf. Grl. § 36, rett nok etter konsultasjonar med regjeringsmedlemane og leiande politikarar.

Saker som gjeld Den norske kyrkja (som er namnet på statskyrkja i Noreg) vert avgjorde i kyrkjeleg statsråd. Her møter berre dei statsrådane som er medlem av Den norske kyrkja.

Grunnlova har reglar om statsråd i §§ 27 - 31. Dersom Kongen er utanlands eller sjuk, er det kronprinsen som leier statsrådet (§ 41), er han elles forhindra frå å møte, kan statsministeren leie statsrådet, som gjer vedtak i Kongens namn (§ 13 og § 32).

Vedtak fatta i statsråd vert kalla kongeleg resolusjon. Dersom kronprinsen leier møtet, brukar ein nemninga kronprinsregentens resolusjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]