Kongens fortenestemedalje i gull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kongens fortenstmedalje i gull kan i særlege fall delast ut som løn for ein livsinnsats av landsomfattande viktigheit og for pionérinnsats på eitt eller fleire område av nytte for landet. Han vert òg delt ut for innsats for kunst, kultur, vitskap og sosialt og humanitært arbeid av samfunnsmessig verdi og av landsomfattande viktigheit og som har gått føre seg over lengre tid.

Kongens fortenstmedalje vart stifta av kong Haakon VII i 1908 «til belønning for fortjenster av kunst, vitenskap og næringsliv, og for utmerket forhold i offentlig tjeneste». Medaljen vert delt ut i gull og sølv. Adversen har den regjerande kongen sitt portrett med namn og valspråk. Reversen har ein krans med omskrifta «Kongens fortjenstmedalje». Namnet til mottakaren er gravert inn innanfor kransen. Medaljen skal berast på venstre sida av brystet i eit band i fargane til riksbanneret, raudt med ei gul stripe i midten.

Tildelingar[endre | endre wikiteksten]

Personar som har fått Kongens fortenestmedalje i gull og som har biografi på Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]