Kongepokal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristine Edner frå Røa med kongepokalen etter NM-siger i fotball i 2004

Kongepokal, eigenleg Hans Majestet Kongens Pokal, er eit norsk trofé delt ut under norske meisterskap i ei rekkje tevlingar, særleg innan idrett, men også til dømes sjakk. Den første kjende kongepokalen som blei tildelt i ein idrett innan Norges Idrettsforbund blei sett opp av Kong Oscar II til Husebyrenna i 1879.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Under Husebyrenna i 1879 sette kongen opp eit kongekrus til bestemann, og dette blei vunne av morgedølen Jon Hauge. Vidare blei det også sett opp seks mindre krus som blei delt ut i andre klasser. Kong Oscar II var sjølv tilstades.

Den eldste registrerte kongepokalen blei laga hos Tostrup i 1878, og skal vere gitt til eit travstemne i Christiania. Mykje tyder på at det har vore sett opp kongepokalar i turn, skyting og travsport før dette, men det finst inga oversikt over desse tildelingane.

Pokalen si utforming, produsentar[endre | endre wikiteksten]

Kongepokalen sin utsjånad har variert, og fleire forskjellige gullsmedar er nytta til å lage dei, mellom anna Tostrup, Thune og Hammer i Bergen. Omkring 1920 overtok A. Frisch det meste av produksjonen av kongepokalane og seinare Th. Marthinsens Sølvvarefabrikk.

I Kong Haakon VII si regjeringstid blei det laga ei rekkje ulike kongepokalar, men kongepokalen fekk ei ny utforming etter tronskiftet i 1957, då Kong Olav V gjekk over til den kongepokalen vi kjenner i dag. Det var Th. Marthinsen Sølvvarefabrikk i Tønsberg som laga den. Kong Harald V heldt fram med same utforming og produsent som Kong Olav etter tronskiftet i 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]