Kongeriket Kypros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpenskjoldet til Lusignan-kongane av Kypros.
Mellomalderfort i Pafos på Kypros.

Kongeriket Kypros (gresk Βασίλειον τῆς Κύπρου) var eit krossfarar-kongerike på øya Kypros i seinmellomalderen.

Øya vart erobra frå Isak Komnenos, ein lokal guvernør og herskar. Han hadde utropa seg sjølv som keisar av det bysantinske riket. I 1191 vart han sigra over av kong Rikard I av England, i løpet av det tredje krosstoget. Rikard selde så øya til Tempelriddarordenen, som i sin tur selde vidare til Guy de Lusignan i 1192. Rikard sitt krosstog hadde slege feil, og Guy vart avsett frå Kongedømet Jerusalem. Broren og etterfylgjaren Amalrik I av Kypros, fekk tildelt kongekrona og kongetittelen av keisar Henrik VI av Det tysk-romerske riket. Ein liten minoritet av romersk-katolske budde mest i byar ved kysten. Døme på ein slik by var Famagusta, men òg i innlandsbyen og den tradisjonelle hovudstaden Nikosia (Levkosía). Romersk-katolikkane hadde styringsmakta, medan greske innbyggjarar budde mest på landsbygda. Slik var maktstrukturen mykje lik Kongedømet Jerusalem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]