Kongsberg Gruppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kongsberg Våpenfabrikk)
Kongsberg Gruppen

Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.943753709
BransjePetroleumsverksemd, romteknologi, Maritim
Skipa1814
EigarNærings- og fiskeridepartementet, Arendals Fossekompani, Folketrygdfondet
DotterselskapKongsberg Maritime, Kongsberg Defence & Aerospace
HovudkontorKongsberg kommune
LandNoreg[1]
StyreleiarEivind Reiten[2]
Adm.dir.Fredrik Meyn (1824), Peder Christian Holst (1842), Jens Landmark (1854), Ole Herman Krag (1880), Johan Jørgen Schwartz (1912), Bjarne Hurlen (1956)
Nettstadhttp://www.kongsberg.com/

Kongsberg Gruppen ASA (OSE: KOG) er eit norsk selskap som utviklar og produserer sivilt og militært høgteknologisk utstyr. KOG har verksemder på 40 plassar i 24 forskjellige land. Selskapet har til saman rundt 6000 tilsette. Av desse er om lag 4000 tilsette i Noreg. KOG er sett saman av to driftselskap: Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Kongsberg Maritime (KM), begge med hovudkontor i Kongsberg.

KDA produserer militært utstyr og romsystem, medan KM utviklar og produserer avansert maritimt elektronisk utstyr, som vert nytta i fiskebåtar, forsyningsskip, boreskip, tankskip og fritidsbåtar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

KOG har røter tilbake til 1814, då Kongsberg Vaabenfabrik (KV) vart stifta. Føremålet med selskapet var å produsera våpen til det norske militæret. Fram til 1948 var KV eit statseigd selskap, under Forsvarsdepartementet. Etter dette vart KV omorganisert som eit statsaksjeselskap.

I 1974 stifta KV eit dotterselskap i Canada, med namnet Kongsberg Mesotech Ltd. Føremålet med dette selskapet var å produsera undervassovervåkingssystem.

I 1987 vart selskapet omstrukturert og alle sivile avdelingar vart skilde ut som eigne selskap. Det som var att av KV fekk namnet Norsk Forsvarsteknologi (NFT).

I 1996 vart selskapet notert på Oslo Børs og namnet vart, på trass av at det strir mot norske orddelingsreglar, endra til Kongsberg Gruppen ASA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]