Kongsvinger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongsvinger kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0402
Fylke Hedmark
Adm.senter Kongsvinger
Areal 1 037 km²
Folkemengd 17 638 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Øystein Østgaard (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.kongsvinger.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0402.svg
Kongsvinger kommune på Commons
Kongsvinger festning på Tråstadberget
Foto: Tor Egil Riegels Strand
Kongsvinger stasjon
Foto: Trond Strandsberg

Kongsvinger er ein by og ein kommune aust i Hedmark fylke. Det meste av arealet er skog. Det er mykje jordbruk men det finst og hundrevis av sjøar og vassdrag i kommunen.

Kongsvinger by ligg på båe sider av elva Glomma, med Kongsvinger festning som eit landemerke på ei høgde i den nordlege delen av byen. Kongsvinger er regionsenter for Glåmdal. I tillegg til Kongsvinger er kommunane Nord-Odal, Sør-Odal, Eidskog og Grue med i regionen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1964[endre | endre wikiteksten]

Byen var eit handelssenter allereie i mellomalderen. Tråstad skanse (bygd 1644 under namnet Vingersund skanse) var forløparen til Vinger skanse eller festningsverk/fort utbygd frå 1658. I samband med dette oppstod "leiren" (leiren som i militærleir), med sine arbeidarar (utkalte mannskap). Desse bygde husa sine etter ein rettvinkla gateplan, utteikna av den luxembourgske adelsmannnen, og seinare general Johan Caspar de Cicignon. Byen kan altså førast attende til 1658, sjølv om det skulle gå 196 år før Kongsvinger vart kjøpstad. I 1773-1774 kom det eigentlege arbeidet på festningsanlegget Kongsvinger festning i gang. Sidan kong Christian VII sette i gang arbeidet la ein til forstavinga "Kongs-" framom Vinger fort. Kring hundre år seinare, på slutten av 1700-talet fekk leiren mellombels postkontor, seks år seinare vart det permanent. Femti år seinare lukkast det ei gruppe borgarar under leiing av postmeister Tommelstad å få Stortinget til å opprette ein kjøpstad på Kongsvinger. I 1854 vart Kongsvinger by. Området kring festninga, Øvrebyen, er i dag dominert av trehus. Treshusa vart bygd frå tidleg på 1700-talet til seint på 1800-talet. Vinger kyrkje, bygd på 1600-talet, men med krusifiks frå 1300-talet, ligg i bydelen Øvrebyen. Kyrkja ligg ved det gamle torget i byen, no kalla Kirketorget. Kyrkja vart ombygd fleire gonger. I 1854 fekk kyrkja sitt løk-kuppeltårn.

Kongsvinger-marken, ein heste- og buskapsmarknad fekk kongeleg brev på 1780-talet. Marknaden vert framleis skipa til tre dagar i mai og september kvart år. Aasmund Olavsson Vinje skildra utsikta frå festninga som «ei av dei fagraste i landet». Innbyggjarane skildra han som «Noregs franskmenn. Bonden her er ikkje mest alvorleg, som bøndene elles i landet, dei er lettsame, og dei les meir avisar enn noko annan plass i landet.»

Vinje skreiv òg om dei vakre gardane nord for Vingersjøen. Her var det herregardar og selskap med gjestar frå både norske og svenske sosiale og politiske elitar. Faktisk var det ingen annan by enn Oslo som hadde så mange kongevitjingar som Kongsvinger i perioden frå 1814 til 1865. Då kom det togsamband med Sverige.

I 1939 vart det tyske prisemannskapet frå City of Flint internert på festninga. Slik fekk innbyggjarane på Kongsvinger stifta kjennskap med den tyske krigsmakta lenge før andre i landet. Tyske offiserar kunne røra seg fritt i byen med uniform. I april 1940 gjekk nokre av dei viktigaste kampane i landet føre seg på Kongsvinger. Kongsvinger festning kapitulerte med ein gong. Vardåsen fort, under leiing av svenske kaptein Benckett med Max Manus og "Shetlands-Larsen" i kompaniet kjempa i timevis mot tyske styrkar før dei drog seg attende langs Glomma.

Etter 1964[endre | endre wikiteksten]

I 1964 vart bykommunen Kongsvinger slegen saman med landkommunane Brandval og Vinger til Kongsvinger kommune. Kongsvinger var i samband med dette heradskommune (landkommune) i nokre månadar, før bystatusen vart gjenoppretta. Sancta Clara katolske kyrkje vart bygd i 2001, kjøpesenteret Kongssenteret på 25000 km&sup2 vart ferdigstilt i 2002. Kongsvinger sjukehus, er eit regionssjukehus. Sjukehuset har mellom anna intensivavdeling og ortopedisk avdeling.

Personar med bakgrunn frå Kongsvinger[endre | endre wikiteksten]

Næringsliv og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

I Kongsvinger finst 1530 føretak, inkludert skogs- og jordbruksføretak. Av desse utgjer 245 faste utsalsstadar av varer (butikkar), og 37 er serverings- og hotellføretak. (Alle tal frå 1. januar 2004) Tre jernbanestrekningar møtest i Kongsvinger: Grensebanen til Charlottenberg i Sverige i aust, Solørbanen til Elverum i nord, og Kongsvingerbanen til Oslo i vest. Det inneber direkte samband med ekspresstog til byane Stockholm, Karlstad og Oslo. Fram til 1990-talet møttest dei to riksvegane i Noreg med lågast riksvegnummer i Kongsvinger. Riksvegane var riksveg 2 frå E6 ved Kløfta gjennom Kongsvinger til svenskegrensa ved Eda. Riksveg 3 byrja i Kongsvinger og gjekk opp til Elverum og vidare gjennom Østerdalen. No går riksveg 2 under namnet stamveg 2 framleis gjennom Kongsvinger, medan gamle riksveg 3 heiter no stamveg 20 fram til Elverum. Den gamle Kongevegen frå Oslo til Stockholm går òg gjennom Kongsvinger. Kongevegen går eigentleg heilt til St. Petersburg i Russland. Heilt aust i kommunen, der han grensar til Arvika og Eda kommunar i Sverige, går vandringsleia Finnskogleden. Byen er sete for Hedmark tolldistrikt, og hadde fram til 1990-talet både postområde og teleområde. Ein kuriositet er at det i kring 30 år på slutten av 1800-talet vart drive passasjer- og godstrafikk mellom Kongsvinger og Flisa i Åsnes. Trafikken gjekk føre seg på elva Glomma med dampskipet Solungen.

Aviser[endre | endre wikiteksten]

Avisa Glåmdalen kjem ut i Kongsvinger seks dagar i veka. Dagsavisene Hedemarken Amtstidende, Indlandsposten, Kongsvinger Avis og Østlendingen Solør-Odal har tidlegare kome ut i Kongsvinger.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Kongsvinger festning, Kongsvinger museum, Kvinnemuseet og bydelen Øvrebyen er verdt å sjå. Elles er Odals Værk sitt hovudbygg vest for byen, og Skinnarbøl gårds hovedbygning (Grenseslottet) aust for byen er verdt å sjå. På Skinnarbøl var den svensk-norske dronninga Sofia av Nassau somrane frå 1892 til 1904.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]