Kongsvoll Fjeldstue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kongsvoll Fjellstue)
Kongsvold Fjeldstue 27. august 2012.
Foto: Alexander Lindbäck

Kongsvoll Fjeldstue er ei tidlegare fjellstue øvst i DrivdalenDovrefjell i Oppdal kommune i Trøndelag. Dei eldste bygningane på staden er frå 1720. Både Pilegrimsleia og Kongevegen går gjennom tunet. Frederik IV av Danmark-Noreg har såleis, som ein av mange, besøkt fjellstua. I dag eig staten fjellstua og ho blir driven som hotell. Ho er utgangspunkt for fleire av DNT sine ruter.

På Kongsvold finst ei utstilling om verneområda i nærleiken, og om Kongsvoll si historie. I tillegg finn ein ei samling med historiske gjenstandar frå tida som fjellstue. Sør for tunet ligg ein botanisk hage med fjellplantar. Hagen var opphavleg opparbeidd av Thekla Resvoll og låg få nord for stasjonsbygget på Kongsvoll stasjon. Hagen vart flytta for ein del år sidan og, er i dag ein forskingsstasjon driven av Vitskapsmuseet i Trondheim.

Kongsvoll hadde offisiell status som statleg fjellstue frå 1670 og heitte då «'Holet»' og låg to km lenger nord i Drivdalen, der Vårstigen går opp. I 1712 starta bygginga av det nye Kongsvoll, men under den store nordiske krigen i 1718 vart Kongsvold og dei andre fjellstuene over Dovrefjell brunne. Alle statlege fjellstuer i Sør-Noreg vart etterkvart overdratt til private. Kongsvoll vart testamentarisk tilbakeført til statleg eigarskap i 1974[1] av den siste private eigaren, Per Holaker, som døydde i 1973. Fram til staten overtok vart Kongsvoll driven både som fjellstue og gard.

Med utgangspunkt i Kongvoll Fjeldstue blir det kvar haust halde fuglehundprøver.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]