Konjugert i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konjugert er eit omgrep nytta i fleire område av matematikken for syne til at noko høyrer saman.

Til dømes er konjugerte diameterar i eit kjeglesnitt diameterar som har den eigenskapen at éin av dei halverer alle kordar parallelle med den andre og omvendt. To algebraiske tal er konjugerte viss dei tilfredsstiller same irredusible likning.

Dei to komplekse tala a + ib og a - ib er sagt å vere (kompleks-)konjugert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]