Konjunktiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konjunktiv er eit modus av verbet. Verbforma vert på norsk òg kalla ønskjemåten av verbet, sidan forma på norsk helst vert nytta i ønske og oppmodingar, som leve kongen! eller signe maten!, og i uttrykk som takk vere («på grunn av»).

Konjunktiv i norsk[endre | endre wikiteksten]

I presens svarer konjunktivforma til infinitivsforma med endinga –e, eller til infinitiv utan ending der verbet endar på rotvokalen: 'dømme', 'tru'.

I norsk språk vert konjunktiv no mest bruka til høgtidssam, religiøs stil og i faste vendingar, oftast som uttrykk for eit ønske: «Herren velsigne deg og vare deg!» I preteritum er konjunktiv sjeldan nytta i norsk, i den eldste landsmålslitteraturen kan ein leite fram nokre få døme.

I moderne norsk har tidsforskyving av verbet kome i staden for hypotetiske konjunktiv. Tidsforskyving frå presens til preteritum kan vise at noko er uverkeleg, tenkt eller ønskt: «Var det råd å få seg ein matbete?» «Så fint det var her!»

Kjelde[endre | endre wikiteksten]