Konjunktivitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konjunktivitt eller augekatarr er ein inflammasjon av konjunktiva i auga. Det er den klart vanlegaste augesjukdommen og alvorsgraden kan vere frå heilt ufarleg til synstruande. Han består i ein inflammasjon av konjuktiva, og kan delast inn etter utløysande årsak.

Allergisk konjuktivitt[endre | endre wikiteksten]

Akutt[endre | endre wikiteksten]

Dette er det vanlege raude auge allergikarar får om dei kjem i kontakt med allergenar (kattehår, pollen etc.).

Kronisk[endre | endre wikiteksten]

Artar seg som dobbeltsidig raudt auge med kløe og renning. Kan oppstå ved særs uttalt allergi, og kan då vere sesongavhengig (pollensesong).

Infeksiøs konjunktivitt[endre | endre wikiteksten]

Amøboid[endre | endre wikiteksten]

Sjeldan årsak til konjuktivitt i Noreg, men kan vere veldig alvorleg.

Bakteriell[endre | endre wikiteksten]

Alvorleg form for konjuktivitt som krev behandling. Mogelege agens er Pseudomonas aeruginosa, Neisseria Gonorrhéa og Chlamydia tracomatis (dei to siste hos barn ved smitte frå fødselskanalen - sjeldan).

Gonorréisk konjunktivitt hos eit spedbarn

Er i dag sjeldne former for bakterielle konjunktivittar. Kan oppstå hos nyfødde barn om mødre har ein genital infeksjon. I byrjinga av 1800-talet var desse infeksjonane langt vanlegare, og ein dryppet alle nyfødde med lapisdråpar i augo (Credés profylakse).

Viral[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste og minst alvorlege forma for infeksiøs konjunktivitt. Vanleg epidemi i barnehagar, og vil som regel ikkje trenge behandling.

Irritativ konjunktivitt[endre | endre wikiteksten]

Mekanisk[endre | endre wikiteksten]

Framandlekamar i auga kan irritere og gje konjunktivitt. Ved langvarig irritasjon kan dei gje epitelskadar.

Toksisk[endre | endre wikiteksten]

Kjemiske stoff (syrer, baser, vaskemiddel etc.) som kjem i auge kan irritere og gje konjuntivitt.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Allergisk konjuktivitt[endre | endre wikiteksten]

Vert behandla med antihistamin (cetrizin) eller steroidar.

Infeksiøs konjunktivitt[endre | endre wikiteksten]

Bakterielle og amøboide vert behandla med antibiotika (chloramphenicol, erythromycin). Virale vert i utganspunktet ikkje behandla, men kan eventuelt behandlast med antivirale midlar (aciklovir).

Irritativ konjuntivitt[endre | endre wikiteksten]

Vert behandla ved å fjerne irriterande årsak (t.d. skylje auge, fjerne framandlekamen etc). Ved behov kan ein gje smertestillande augedropar (ibuprocain).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]