Konqueror
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Konqueror | |
| Utviklar: | Dugnad |
|---|---|
| Operativsystem: | GNU/Linux, HP-UX. |
| Type: | Filutforskar og nettlesar |
| Lisens: | GNU GPL |
Konqueror er ein open kjeldekode filutforskar og nettlesar for skrivebordsmiljøet KDE. Han er utvikla på dugnad og køyrer på dei fleste UNIX-liknande operativsystema. Som resten av KDE byggjer Konqueror på det norske C++-biblioteket Qt. Konqueror vert distribuert under GNU General Public License.