Konrad Nordahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konrad Mathias Nordahl (fødd 25. september 1897 på Askøy, død 22. mai 1975) var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar. Han var leiar for Landsorganisasjonen (LO) i perioden mellom 1939 og 1965. Fram til 1957 heitte LO Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon - AFL. Han var formann i Norsk Jern- og Metallarbeidarforbund frå 1931 til 1934 og nestleiar i LO frå 1935 til 1939. Han rykte opp som leiar i LO då Olav Hindahl gjekk inn i regjeringa i 1939. Han var leiar i LO i lengre tid enn nokon annan. Den 9. april 1940 forlet han Oslo saman med regjeringa. 12. april blei Elias Volan vald til formann i Nordahl sitt fråvere av eit tillitsmannsmøte med utgangspunkt i Fagopposisjonen av 1940. Frå 1941 var Nordahl i London, der han organiserte eit LO-kontor i eksil. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo frå 1957 til 1965.

Då Arbeiderpartiet braut med Komintern, følgde han først mindretalet, og var i nokre år medlem av Norges Kommunistiske Parti, før han i 1928 skifta til Arbeiderpartiet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]