Konrad Sundlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konrad Sundlo

Fødd1. januar 1881
Kristiansand kommune
Død25. mai 1965 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNasjonal Samling
Yrkeoffiser
Utdanna vedKrigsskolen
VervAmtsmann i Sogn og Fjordane 1944-1945
FøregangarVidar Atne
EtterfylgjarNikolai Schei
Alle verv
  • fylkesmann i Oslo og Akershus (1943–1945)
  • fylkesmann i Sogn og Fjordane (1944–1945) Sjå dette på Wikidata
Skada hamneanlegg, sjøfly og øydelagd brygge i Narvik under slaget om Narvik i 1940.

Konrad Sundlo (fødd 1. januar 1881 i Kristiansand, død 25. mai 1965 på Nesøya), var ein norsk offiser og politikar i Nasjonal Samling før og under andre verdskrigen. Han vart dømd til livsvarig fengsel i landssvikoppgjeret etter krigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Korad Sundlo var utdanna offiser og vart uteksaminert frå Krigsskulen i 1902. Han gjekk inn i Nasjonal Samling allereie i 1933 og vart same år utnemnd til regimentssjef for Infanteriregiment nr 15.

Før andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Tid Oppgåver
1899 Examen artium, Oslo katedralskole, latinlinja
1899-02 Krigsskolen (uteksaminert frå Krigsskulens øvste klasse som nr 13 av ca. 60, som nr 6 av 50 infanteristar).
1902 Premierløytnant ved 3. kompani av Innherad Linjebataljon, Steinkjer.
1903-05 Den Militære Høyskole i Oslo.
1905 Adjutant ved Sunnmøre Landvernsbataljon.
1907 Reise til Russland
1908 Kvartermester ved Innherreds Landvernsbataljon i Steinkjer.
1907-08 Fungerte som kasserar ved Gaustad asyl då faren vart sjuk og døydde.
1911 Kaptein og kompanisjef 8. kompani, Fosen bataljon, IR 13, Steinkjær. Frå same dag assistent ved krigskommisærkontoret, Trondheim.
1912 Ettermiddagspost i avisa Nidaros i Trondheim.
1913-14 Opphald i Frankrike, studerte fransk i Vincennes hjå monsieur Delaplace. Søkte om opptak i Fremmedlegionen som offiser, men reiste heim før søknaden vart handsama.
1914 Sjef for underoffisersskulen i Trondheim.
1916 Sluttar som sjef. Arbeider framleis i 'Nidaros'.
1918 Tilsett i A/S Elektrokemisk, Oslo, for å utføre oppdrag i Transkaukasus. Reiste over nyttår 1919, tilbake nyttårsaftan 1919. Tilbake til Kaukasus forsommaren 1920. Tilbake om hausten.
1921 Tur til Leningrad med oppdrag for Fridtjof Nansen.
1924 Sjefredaktør i Drammens Tidende.
1927 Redaktør for Møre Dagblad, Kristiansund N.
1930 Major ved IR 16, Tromsø.
1933 Oberst og sjef for IR 15, Narvik.
1933 Melder seg inn i Nasjonal Samling
1941 Søker avskjed som offiser.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Under den tyske invasjonen av Narvik den 9. april 1940 var Konrad Sundlo oberst og øvstkommanderande for dei norske styrkane i Narvik. Sundlo kommuniserte til sin divisjonssjef, general Carl Gustav Fleischer, at det ikkje var verd å gjere motstand, og overgav byen utan kamp. Fleischer prøvde å få Sundlo til å organisere forsvaret av byen, og då han nekta fekk ein underordna offiser ansvaret for forsvaret og for å arrestere Sundlo.

Vidkun Quisling vitja Adolf Hitler i Berlin hausten 1939 hadde han vist fram eit brev frå partifellen Sundlo og forsikra at ein tysk operasjon i Narvik kom til å verte løyst på fredeleg vis.

Etter slaget om Narvik 9. april 1940 vart Sundlo stempla som forrædar av general Carl Gustav Fleischer. Under rettsoppgjeret vart han frikjend for forræderi, dømd for ei rekkje andre tilhøve under okkupasjonstida. Nokre av dommarane meinte at han burde ileggjast dødsstraff. Domen vart likevel livsvarig fengsel.

Under den tyske okkupasjonen var Sundlo først Rikshirdsjef frå august 1940 og ut 1941. Deretter var han nazistisk fylkesmann i Oslo i åtte månader, deretter i Akershus i 1943 og 1944, og til slutt i Sogn og Fjordane fram til frigjeringa.

Rettoppgjøret[endre | endre wikiteksten]

Sundlo vart i landssvikoppgjeret dømd til livsvarig fengsel i ein dom der 3 av 8 dommarar ynskte dødsstraff. Han vart lauslate etter nådegiving i 1952. I skjerpande retning la retten vekt på Sundlo sitt arbeid for å verve frivillige til Den Norske Legionen i Waffen-SS, og at han hadde gått inn for å tvangsmobilisere norske ungdomar til militær teneste for Tyskland.

Sundlo skreiv eit bokmanus etter krigen, kalla «Narvik – byen med kanonen». Dette manuset har ikkje vorte publisert i bokform.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]