Konservativ kraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei konservativ kraft er ei kraft med den eigenskapen at arbeid utført på ein lekam som flyttar seg mellom to punkt er uavhengig av kva veg lekamen tar mellom dei to punkta.[1] På same måte vil nettoarbeidet utført på ein lekam som går i ein lukka bane av ei konservativ kraft vere lik null.[2]

Ei konservativ kraft er berre avhengig av posisjonen til lekamen. Om ei kraft er konservativ er det mogeleg å gje ein numerisk verdi til potensialet til eit punkt. Når ein lekam flyttar seg frå ein stad til ein annan, endrar krafta den potensielle energien til lekamen med ei mengd som ikkje er avhengig av vegen lekamen tar. Om krafta ikkje er konservativ, så er det ikkje mogeleg å definere eit skalarpotensial, fordi forskjellige vegar då ville ført til forskjellige potensial.

Gravitasjon er eit døme på ei konservativ kraft, medan friksjon er ei ikkje-konservativ kraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. HyperPhysics - Conservative force
  2. Louis N. Hand, Janet D. Finch (1998). Analytical Mechanics. Cambridge University Press. s. 41. ISBN 0-521-57572-9.