Konspirasjonsteoriar kring månelandingane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buzz Aldrin og Neil Armstrong i treningsmodellen til NASA, som simulerte månen og landingsfartøyet. Nokre konspirasjonsteoriar går ut på at heile månelandinga blei filma i ein modell tilsvarande denne.

Konspirasjonsteoriar kring månelandingane er påstandar om at nokre eller alle elementa av Apolloprogrammets månelandingar var forfalska av NASA og i nokre tilfelle medlemmar av andre organisasjonar. Desse teoriane er varierte og kompliserte, men dei fleste inneheld desse punkta:

  • Apollo astronautane landa ikkje på månen.
  • NASA og andre involverte lurte ålmenta til å tru at landinga skjedde ved at bevisa blei framstilte, øydelagde eller tukla med. Bevisa inkluderer fotografi, avstandsmåling, overføringar og bergprøvar.
  • NASA og andre har deltatt aktivt i konspirasjonen heilt fram til i dag.

Mange kommentatorar har publisert bevis mot konspirasjonen[1], og ei meiningsmåling frå 1999 viste at 89 prosent av innbyggjarane i USA trudde landinga faktisk skjedde. Berre 6 prosent meinte at landinga ikkje fann stad; 5 prosent var usikre.[2][3]

Dei ulike teoriane[endre | endre wikiteksten]

Det har vore mange ulike og avanserte teoriar om at månelandingane aldri fann stad. Ingen av desse teoriane fortel ei fullstendig historie, men peikar snarare på gap eller inkonsekvensar i historia.

  1. Komplett forfalsking — teorien om at månelandinga var forfalska frå start til mål. Han hevdar at teknologien som blei brukt var for mangelfull til å kunne sende ein mann til månen. Dessutan blir det hevda at Van Allen-belta, solstorm, solvind, koronamasseutbrot og kosmisk stråling gjorde ei slik reisa umogleg.[4]
  2. Delvis forfalsking / ubemanna landingarBart Sibrel meinte at mannskapet på Apollo 11 and seinare astronautar hadde forfalska krinsløpet rundt månen. Dessutan meinte han at dei aldri gjekk ned på overflata, men at det snarare var bildemanipulering, og at dei aldri kom meir enn ein halv runde rundt månen. Denne teorien blir støtta av dei som innrømmer at det finst retroreflektorar og andre synlege menneskeskapte objekt på månen. Den britiske utgjevaren Marcus Allen representerte denne teorien då han sa: I would be the first to accept what telescope images of the landing site find as powerful evidence that something was placed on the Moon by man. Han meinte òg at fotografi av landingsfartøyet ikkje var bevis for at menneske faktisk hadde vore på månen. Getting to the Moon really isn't much of a problem – the Russians did that in 1959, the big problem is getting people there. Teoriane hans inkluderer mellom anna at NASA sende robotar i staden for menneske, då strålingsnivået i verdsrommet var dødeleg for menneske. Ein annan variant av teorien går ut på at NASA aldri kom seg igjen etter Apollo 1-brannen, og at alle dei tidlege Apollo-oppdraga blei forfalska. Vidare blir det hevda at Apollo 14 eller 15 var den fyrste genuine landinga.[5]
  3. Bemanna landingar, med dekkhistorier
    • William Brian hevda at astronautane kan ha brukt ei hemmeleg vektløyseinnretning avleia frå teknologi funne på eit pågripe utanomjordisk romskip, men at NASA blei tvunge til å dekka over desse og andre faktum relatert til gravitasjonen og at det var atmosfære på månen.[6]
    • Andre teoriar inneheld òg det faktum at astronautane faktisk landa på månen, men at dei dekka til det dei fann, enten det var avvik ved gravitasjonen, utanomjordiske lekamar eller møte med utanomjordiske vesen.[7] Philippe Lheureux, i Lumières sur la Lune (Lights on the Moon), hevda at astronautane landa på månen, men at NASA publiserte falske bilde for å hindra at andre nasjonar kunne ta nytte av den vitskaplege informasjonen i dei ekte fotografia.[8]
  4. Månelandingane skjedde, men bilda var forfalska – Andre trur at menneska faktisk landa på månen, men at bilda var av så låg kvalitet at dei nærmast var ubrukelege. For å rettferdiggjera alle pengane som var brukt på prosjektet, manipulerte NASA fotografia og filmane slik at bevisa skulle verka tydelegare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bad Astronomy, av Philip Plait, 2002, ISBN 978-0-471-40976-2, pp 154-73
  2. Did Men Really Land on the Moon?. Gallup.com.
  3. Landing a Man on the Moon: The Public's View. Gallup.com.
  4. We Never Went to the Moon: America's Thirty Billion Dollar Swindle, Bill Kaysing, Pomeroy, WA, USA: Health Research Books, 2002. ISBN 1-85810-422-X.
  5. Irrefutable proof [Archive] - Bad Astronomy and Universe Today Forum. Bautforum.com.
  6. Rogier van Bakel. Wired 2.09: The Wrong Stuff. Wired.com.
  7. The Apollo-11 UFO Incidents by James Oberg
  8. Philippe Lheureux (2000) Lumières sur la Lune – Editions CARNOT. ISBN 2912362490.