Konstantin Juon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konstantin Fjodorovitsj Juon (russisk: Константин Фёдорович Юон) ( 24. oktober 187511. april 1958) var ein russisk målar og scenograf tilknytt kunstrørsla Mir iskusstva. Seinare var han med og danna Samlinga av russiske kunstnarar og Association of Artists of Revolutionary Russia.

Rostov om vinteren, 1906
Byen Torsjok i Tver, 1914

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Juon vart fødd i Moskva og kom frå ein familie av bankmenn av sveistsisk-russisk opphav. Frå 1892 til 1898 studerte han ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur der Konstantin Savitskij og Konstantin Korovin var mellom læremeistrane hans. Etter å ha fullført utdanninga ved kunstskulen tok han privatundervisning hos Valentin Serov (1898-1900).

Gjennom fleire reiser til Vest-Europa vart Juon kjend med bybileta til Camille Pissarro og andre impresjonistar, men heldt fast ved sin eigen, gjenkjennelege stil. Han vart kjend som målar av impresjonistiske landskap og med tida som sjangermålar med symbolistiske stildrag. Mellom impresjonist-landskapa er Tverskoj-boulevarden og Til treeinigheta (begge 1903).

Det mest kjende symbolistverket er ein syklus med gravørarbeid, Verdas skaping, med tema frå Fyrste mosebok (1908-12) og måleriet Den nye planeten (1921) som framstiller oktoberrevolusjonen som ein katastrofe av kosmiske dimensjonar. Seinare leika han med idear kring det lyriske landskapet iblanda imitasjonar av palekh-miniatyrar og ikonkunst.

År 1900 opna Juon den fyrste private måle- og teikneskulen i Moskva. Seinare underviste han ved St. Petersburgs kunstakademi og ved Surikov kunstinstitutt i Moskva. Atelieret hans i Moskva var mykje nytta av andre målarar. Han laga dekorasjonar til skodespel ved Moskva kunstteater og Malij-teatret. Også til opera-oppsetjingar laga han kulissar.

I sovjettida var Juon åra 1948-50 direktør for Kunstakademiets forskingsinstitutt, og frå 1956 til han døydde fyrstesekretær for Unionen av sovjet-kunstnarar.

Frimerke frå 1975 med Juon-motiv

Mot slutten av livet vart han ein strengt sosialist-realistisk kunstnar, laga måleri som Parade på Den raude plassen den 7. november 1941 (1949). Han vann Stalinprisen i 1943, og vart tildelt Leninordenen og andre utmerkingar. Han døydde i Moskva i 1958.

Broren Paul Juon var ein kjend komponist.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konstantin Juon