Konstantin Korovin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konstantin Korovin

Verkeleg namn Константин Алексеевич Коровин
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 5. desember 1861
Moskva
Død

11. september 1939 (77 år)
Paris

Yrke kunstmålar, theatre designer
Språk russisk
Konstantin Korovin på Commons

Konstantin Aleksejevitsj Korovin (5. desember 186111. september 1939) var ein leiande russisk impresjonistisk kunstmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Sjølvportrett, 1938

Korovin kom til verda i Moskva. Han var av kjøpmannsætt, men far hans var vel så interessert i kunst og musikk som i familiens handelsfirma. Korovin tok i 1875 til på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur, der han gjekk i lære hos Vasilij Perov og Aleksej Savrasov. Gjennom sine læreår knytte Korovin livsvarige vennskap med medstudentane Valentin Serov og Isaak Levitan.

I 1881–82 var Korovin student ved St. Petersburgs kunstakademi. Etter berre tre månader vende han vonbroten tilbake til kunstskulen i Moskva. Der studerte han vidare fram til 1886 under den nye læraren Vasilij Polenov.

Impresjonistmålar[endre | endre wikiteksten]

Spanske kvinner Leonora og Ampara, 1888
Hammerfest: Nordlys, 1894
Pir i Gurzuf, 1914
Frå Saint Denis i Paris, 1930-åra

Korovin la i 1885 ut på ei ferd til Paris og deretter Spania. I Paris vart han kjend med impresjonist-kunsten, og i impresjonismen fann han alt han vart utskjelt for heime i Moskva, skreiv han seinare.

Polenov gjorde Korovin kjent for Savva Mamontovs Abramtsevo-sirkel: Viktor Vasnetsov, Apollinarij Vasnetsov, Ilja Repin, Mark Antokolskij og fleire. Abramtsevo-sirkelens elsk overfor stiliserte, russiske tema er synleg i Korovin sitt bilete Ein nordleg idyll. Korovin reiste rundt omkring i Russland, til Kaukasus og Sentral-Asia, og heldt utstillingar saman med medlemer av Peredvizjnikij-gruppa. I 1888 følgde Korovin med Mamontov på ei reise til Italia og Spania, der han måla biletet Spanske kvinner Leonora og Ampara.

Same året (1888) vart han oppteken av dei strenge, nordlege landskapa, noko ein ser i måleria Noregskysten og Nordhavet. Korovin sine påfølgjande verk er sterkt påverka av turen hans til nordlege område og farvatn. Hans andre tur til nord, med Valentin Serov i 1894, fall saman med anlegginga av jarnvegen til Arkhangelsk. Korovin måla då mange landskapsmåleri, til dømes Den heilage Trifons bekk i Petsjenga, Murmansk-kysten, Hammerfest: Nordlys og Hamn i Norge. Måleria er i haldne i ein finstemt grunntone av grått. Den mollstemte stilen i desse arbeida var typisk for Korovin sin kunst i 1890-åra.

På 1890-talet vart Korovin medlem av kunstnargruppa Mir iskusstva. Eit av hans favoritt-tema var Paris. Han måla mellom anna Ein kafe i Paris (1890-åra) og Cafe de la Paix (1905) Måleria hans var i mange år av det impresjonistiske biletsynet, seinare måleri er haldne i ein Art Nouveau-stil.

Korovin underviste i kunstmåling ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur frå 1901 til 1913. Også hans eldre bror Sergej Korovin var ein kjend målar i den realistiske stilen. Ein slektning, Illarion Prjanisjnikov, var ein framifrå målar og også han lærar ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.

Scenedesign og utsmykkingsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Frå 1885 arbeidde Korovin for Mamontov sitt operahus. Han designa kulissar til fleire operaoppsetjingar. Tidleg på 1900-talet vende han seg til teaterscena. Han flytta over til Mariinskij-teateret i St. Petersburg. Korovin forlet tradisjonen med bruk av scene-dekor då denne einast viste til staden for handlinga. I staden laga han ein stemnings-dekor som avspegla dei grunnleggande kjenslene i forestillinga. Korovin designa både drama oppsett av Konstantin Stanislavskij, operaframføringar og balletar. Fleire av kulissane vart svært kjende for si uttrykkskraft.

Korovin stod for utsmykkinga av hovedbanestasjonen til den nordlege jarnbanen. Denne vart opna i Nizjnij Novgorod i 1896. Fire år seinare designa han Sentral-Asia-seksjonen til Det russiske imperiums paviljong på verdsutstillinga i Paris. For denne vart Korovin tildelt ein ærespris av den franske regjeringa.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Under 1. verdskrigen arbeidde Korovin som rådgjevar i kamuflasje ved hovudkvarteret til ein av dei russiske armeane, og var ofte å sjå ved frontlina. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 arbeidde han vidare ved teater og med opera, heldt fram å designe kulissar og kostyme.

Korovin flytta i 1923 til Paris, etter råd frå opplysnings-kommissæren i Sovjet, Anatolij Lunatsjarskij. Korovin søkte der kur mot hjarteplager og hadde håp om å hjelpe ein handikappa son. Ei større utstilling av Korovin sine verk var under planlegging, men måleria vart stolne. Korovin sat att utan økonomiske midlar, og i årevis laga han mangfaldige Russiske vintrar og Paris-bulevardar, berre for å få endane til å møtast.

I dei siste åra av sitt liv laga Korovin scenedesign til mange av dei største teatera i Europa, Amerika, Asia og Australia. Det mest kjende av desse var kulissane til oppsetjinga av Nikolaj Rimskij-Korsakov sin opera Gullhøna ved operahuset i Torino.

Korovin døydde i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Konstantin Korovin