Konstantin Makovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konstantin Makovskij rundt 1900.

Konstantin Jegorovitsj Makovskij[1] (2. juli 183930. september 1915) var ein leiande russisk målar knytt til Peredvizjnikij-rørsla. Mange av historiemåleria hans, så som Pynting av brud (1889), viser eit idealisert blikk på russiske levekår i tidlegare hundreår. Han vert ofte rekna som ein representant for akademisk kunst.

Pynting av brud, 1889
Sjølvportrett, 1856

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Makovskij var fødd i Moskva, faren var ein akt- og amatørmålar, Jegor Makovskij. Jegor Makovskij grunnla ein kunstskule som seinare vart berømt under namnet Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Mellom familiens beste vener fann ein kunstnarane Karl Brjullov og Vasilij Tropinin. Alle borna til Jegor Makovskij vart kjende kunstnarar. I tillegg til Konstantin var Vladimir, Nikolaj og Aleksandra kunstnarar.

Utsendingar frå den falske Dmitrij drep sonen til Boris Godunov, 1862
'Russisk venleik', ca. 1880.

Konstantin byrja i 1851 på målarskulen faren hadde grunnlagd. Lærarane hans var М.I. Skottij, A.N. Mokritskij, S.K. Zarjanko. Alle var elevar av Brjullov, og underviste i hans stil. Makovskijs drag mot romantikken og dekorative effektar kan forklarast med påverknaden frå Brjullov.

I 1858 tok Makovskij til på St. Petersburgs kunstakademi. Frå 1860 deltok han på akademiet sine utstillingar med måleri som Heling av den blinde (1860) og Utsendingar frå den falske Dmitrij drep sonen til Boris Godunov (1862). I 1863 avslo Makovskij, og 13 andre studentar som var kvalifisert, i å delta i tevlinga om akademiets store gullmedalje. Dei nekta å måle etter det gjevne emnet, norrøn mytologi, og forlet dermed akademiet utan formelt vitnemål.

Ukrainsk interiørbilete frå 1870-talet.

Makovskij vart medlem av eit kunstnarkooperativ (artel) leia av Ivan Kramskoj. Måleria hans hadde motiv frå kvardagslivet (Enke 1865, Sildeseljar 1867, m.fl.). Frå 1870 var han ein av dei som grunnla Peredvizjnikj, han heldt då fram å arbeide med måleri som skildra det kvardagslege Russland. Han stilte ut sine verk både på akademiet sine utstillingar og Peredvizjnikj sine vandreutstillingar.

Ei klar endring i stilen hans oppstod etter ei reise til Egypt og Serbia midt i 1870-åra. Interessene hans vende seg bort frå sosiale og psykologiske tilhøve til kunstnariske problemstillingar som farge og form.

I 1880-åra vart Makovskij ein populær portrett- og historiemålar. Ved verdsutstillinga i Paris fekk han gullmedalje for måleria Ivan den skrekkeleges død, Domsseiinga av Paris, og Tamara og Djevelen. Han var ein av dei best likte, og høgst betalte, russiske målarane i samtida. Gjennom å lage iaugefallande men grunne verk (lik Henryk Siemiradzki), heldt mange demokratisk innstilte kritikarar han for å vere ein svikar mot Peredvizjnikj sine ideal. Andre, seinare kritikarar ser han som ein forløpar til den russiske impresjonismen.

Makovskij omkom då hestekarjolen han sat i vart råka av ein elektrisk trikk i St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Константин Егорович Маковский

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konstantin Makovskij