Konstantin Novoselov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konstantin Novoselov
Fødd 23. august 1974 (40 år)
Nizjnij Tagil i Russisk SFSR i USSR
Bustad England
Statsborgarskap Russisk
Britisk
Nasjonalitet Russisk
Institusjonar University of Manchester
Alma mater Moscow Institute of Physics and Technology
University of Nijmegen
Doktorgradsrettleiar Jan Kees Maan i Andre Geim
Kjend for Studiar av grafén
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (2010)

Konstantin «Kostja» Novoselov (russisk: Константи́н Серге́евич Новосёлов) (fødd 23. august 1974) er ein russiskbritisk fysikar ved University of Manchester. Novoselov har både russisk og britisk statsborgarskap og forskar på mesoskopiske system og nanostrukturar.

Novoselov har publisert over 60 vitskaplege artiklar i dominerande vitskaplege tidsskrifter, som mellom anna Nature, Science, Nature Materials, Nature Physics, Nature Nanotechnology, Reviews of Modern Physics og Physical Review Letters.

I 2008 mottok han Europhysics Prize «for å ha oppdaga og isolert eitt enkelt frittståande lag av karbon (grafén) og belyst dei enestående elektroniske eigenskapane til materialet».[1]

Mykje av arbeidet hans har blitt gjort saman med kollegaen Andre Geim. Dei to mottok Nobelprisen i fysikk 2010 for arbeidet sitt med grafén.

Novoselov vart i 2012 utnemnd til Knight Bachelor.[2] Han vart dermed adla og fekk rett til å føre tiltaleformen sir føre namnet sitt.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Viktige publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • A.K. Geim, S.V. Dubonos, I.V. Grigorieva, K.S. Novoselov, F.M. Peeters & V.A. Schweigert. Non-Quantized Penetration of Magnetic Field in the Vortex State of Superconductors, Nature 406 (2000).
  • K.S. Novoselov, A.K. Geim, S.V. Dubonos, E.W. Hill, I.V. Grigorieva. Subatomic Movements of a Domain Wall in the Peierls Potential, Nature 426, 812-816 (2003).
  • A.K. Geim, S.V. Dubonos, I.V. Grigorieva, K.S. Novoselov, A.A. Zhukov, S.Y. Shapoval. Microfabricated Adhesive Mimicking Gecko Foot-Hair, Nature Materials 2, 461-463 (2003).
  • A.K. Geim, K.S. Novoselov. The rise of graphene. Nature Materials 6, 183-191 (2007).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «EPS Europhysics Prize». European Physical Society. http://www.eps.org/activities/prizes/europhysics-prize. Henta 2010-10-03. 
  2. New Year Honours List 2012, Directgov.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konstantin Novoselov