Konstantin Somov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1921

Konstantin Andrejevitsj Somov (russisk: Константин Андреевич Сомов) (30. november 18696. mai 1939) var ein russisk målar som var knytt til kunstrørsla Mir iskusstva.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far til Somov var kunsthistorikar og kurator ved Eremitasjen i St. Petersburg. Sonen fekk såleis tidleg grundig kunnskap om det 18. hundreårets kunst og musikk. Konstantin Somov studerte ved St. Petersburgs kunstakademi under Ilja Repin frå 1888 til 1897. Deretter oppheldt hans seg ei tid i Paris.

Under opphaldet på kunstakademiet pleia Somov vennskap med Aleksandr Benois, som gjorde han kjend med Sergej Djagilev og Leon Bakst. Etter desse tre i 1899 grunnla Mir iskusstva, vart Somov ein flittig bidragsytar til tidsskriftet.

Aleksandr Bloks teater

Inspirert av Watteau og Fragonard arbeidde Somov helst med akvarellar og gouache. I tre år arbeidde han på hovudverket sitt; Kvinne i blått (1897-1900), måla i samsvar med metodane brukt i det 18. hundreåret.

I tida rundt 1910 laga Somov ein serie harlekin-scener og -illustrasjonar til dikt av Aleksandr Blok. Større delar av verka hans vart utstilt utanlands, særleg i Tyskland, der den fyrste monografien om målarkunst hans kom ut i 1909.

Somov underviste frå 1913 ved St. Petersburg kunstakademi, som etter oktoberrevolusjonen vart døypt om til statleg kunsthøgskule. År 1923 emigrerte Somov til US-Amerika. Han opplevde landet som «fullstendig framandt for kunsten hans», og flytta to år etter til Paris. Der døydde han i 1939.

Somov sine verk er i dag å sjå i mellom anna Tretjakovgalleriet og i Russlands Museum. Størstedelen er portrett og landskapsmåleri.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konstantin Somov