Konstituerande land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konstituerande land (engelsk constituent countries) er eit offisiell uttrykk for å skildre tre av dei fire bestanddelane av unionsstaten Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland:

Alle tre har tidlegare vore sjølvstendige suverene statar, og har alltid hatt eigne variasjonar i politisk, juridisk og administrativ status.

Skottland og Wales er sjølvstyrande, og har sine eigne parlament. England saknar eit sjølvstyrande parlament og regjering, men er framleis tilstrekkeleg særprega til å kunne reknast som eit land og ein nasjon.

Den fjerde delen av Det sameinte kongeriket, Nord-Irland (òg kalla Ulster), er ikkje eit land eller ein nasjon, men ein del av eit land eller ein nasjon (kva land eller nasjon er eit heitt politisk spørsmål). Offisielt er Nord-Irland ein «provins», men ordet provins kan virke ubehageleg for mange innbyggjarar som vil ha eit samla Irland.

Tilhengjarar av sjølstyrerørsla i Cornwall hevdar at Cornwall burde erkjennast som eit likeverdig medlem av unionsstaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]