Konsul i diplomatiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein konsul er ein offisiell representant for ein stat i eit anna land, og leiar av eit konsulat. Dei typiske oppgåvene for ein konsul er å assistere og beskytte borgarane frå staten dei representerer i mottakarstaten, medan dei i liten grad representerer sendarstaten sine styresmakter i forhold til mottakarstaten. Desse oppgåvene blir varetatt av ambassader. Utferding av visum og nødpass har vore blant oppgåvene til konsulat og generalkonsulat.

Tittelen konsul rangerar mellom generalkonsul og visekonsul.

Konsulatvesenet består først og fremst av valde honorære generalkonsular, konsular og visekonsular. Dette er ofte privatpersonar med anna arbeid eller næringsverksemnd, som utfører konsuloppgåvene gratis eller mot eit beskjedent vederlag. Vedkomande blir ikkje diplomat. Tidlegare blei desse også kalla «konsularagent».

Om ein er i utlandet og ønskjer å stemme ved norsk val, kan dette gjerast ved eit norsk konsulat, men ein bør vere budd på å omsette norske instruksjonar for ein person som er norsk konsul, men som ikkje kan norsk.