Kontinent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kontinent på jorda avmerka med farge. ██ Eurasia ██ Afrika ██ Nord-Amerika ██ Sør-Amerika ██ Antarktika ██ Australia

Kontinent (frå latin terra continens, 'samanhengjande land') er ei nemning på eit stort, samanhengjande landområde. Dei byggjer meir på fysiske geografiske skilje enn verdsdelar, som har meir kulturell og historisk bakgrunn.

Det finst ulike måtar å dela jorda inn i kontinent på. Ei vanleg inndeling er Afrika, Eurasia, Amerika, Antarktika og Australia.[1] Ein kan definera mindre kontinent, som Amerika delt inn i Nord- og Sør-Amerika, eller større, som Afrika-Eurasia, der den samanhengjande landmassen til Afrika og Eurasia blir kombinert til eitt kontinent.

Animasjon som viser korleis dei noverande kontinenta opsptod.

Fleire av kontinenta ligg hovudsakleg på ei eiga kontinentalplate, som den eurasiske plata eller den antarktiske plata. Delar kan likevel høyra til andre plater. Det indiske subkontinentet ligg til dømes på den australske plata, men heng saman med det eurasiske kontinentet på landjorda og er dermed rekna som ein del av dette.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kontinent

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.